Også ei trøye har si tid på jorda.
Eg veit ikkje meir om korleis trøya til oldefar såg ut enn det eg veit om mønsteret, for eg har aldri sett bilete av oldefar anna enn i byklede. At han var tidleg ute og brukte bymote, svarar godt til biletet eg har av han som ein mann som ikkje gjekk kledd med kva som helst.
StrikkefillerDifor trur eg at stastrøya ganske snart vart «degradert» til eit kvardagsplagg og brukt som det til dess ho var utsliten. Så hamna ho i shoddyhaugen saman med andre ullfiller som hadde gjort sin misjon, det vere seg som klesplagg eller kvitlar.
Ein kan undre seg over at eit så vakkert plagg ikkje vart teke vare på eller kopiert. Men ein skal hugse at ingen ting er så umoderne som moten frå i fjor, spesielt ikkje dersom plagget er av ein sort som har vore i vanleg bruk. Eg trur desse trøyene var sett på som ganske vanlege plagg blant folk som var vaksne opp i dette distriktet, og som veldig gamaldagse etter kvart som fleire og fleire gjekk over til å bruke bymote.

 

<< Forrige side : Ein ukjend strikkar, og ein kjend oldefar Neste side : Mormor og rutepapiret >>

 

03 – Frå stas til shoddy