I den ortodokse kyrkja er påskeveka sentral. Og tradisjonane som knyter seg til denne høgtida får ekstra sterkt fokus i gudstenestene.

Plateomslag.Den russiske komponisten Alexander Grechaninov (1864 – 1956) ga i 1913 ut ein serie med tretten songar som skulle gå inn som delar av gudstenestene for dagane i den heilage veka. Kvar av desse songane har ein tekst som er knytt til den heilage veka, og kan opplevast som meditasjonar over innhaldet i dei.

Den ortodokse kyrkja har rike musikalske tradisjonar. Lenge var det rekna som upassande å nytte instrument til å akkompagnere kyrkjesongen. (Grechaninov var mellom dei fyrste som braut den tradisjonen, då han skreiv sin Liturgia Domestica, men det er ei heilt anna historie. ) Det førte med seg at det i kyrkjene i Russland og på Balkan vart utvikla ein svært rik tradisjon med harmonisering av denne vokale kyrkjesongen, og mange kjende komponistar som Tsjaikovski og Rachmaninov har gitt sine vakre og verdfulle bidrag til denne tradisjonen.

Alexander Grechaninov har også bidrege på ein framifrå måte til denne tradisjonen, mellom anna altså med desse tretten songane.

På denne innspelinga vert songane framførte av to samarbeidande kor frå USA, Phoenix Bach Choir og Kansas City Chorale, under sin felles dirigent Charles Buffy. Og det må seiast at dei gjer ein forbiletleg jobb med dette verket.

Opptaka er også av høg teknisk kvalitet. Her er romklang nok til at ein fornemmar det store rommet, men utan at dette går ut over klår frasering. (Diksjon skal eg ikkje uttale meg om – kyrkjeslavisk er ikkje akkurat eit språk eg beherskar.) Men det er fullt mogleg å høyre korleis dei ulike stemmene glir saman og deler seg igjen, og korleis kvar stemme tek vare på melodilinene som til saman byggjer opp dese vakre harmoniane.

Alt i alt er dette ei innspeling som er god å lytte til i påsketida. Men det kan vere lurt å ikkje høyre heile CD-en på ein gong, trur eg. Ved å lytte på ein eller to av dei om gongen, og gje desse full merksemd undervegs kan ein unngå at musikken opplevest monoton. Det er nok også slik songane er tenkt høyrt frå komponisten si side, reknar eg med.

Nedunder kjem ein liten smakebit frå CD-en. Hygg deg med den!

Annan påskemusikk finn du ved å manøvrere deg i feltet nedunder :

Biletet øvst på sida er eit utsnitt av eit måleri av den russiske målaren Ilya Repin (1844–1930). Det syner ein religiøs prosesjon i nærleiken av Kursk.

Grechaninov : Passion Week