Det er 17. mai 2016. For eg veit ikkje kva for gong har eg lese dette diktet av Haldis Moren Vesaas :

Tung tids tale

Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

For meg handlar dette diktet om at vi alle treng å vere ein del av ein fellesskap. Diktet er  ei viktig påminning om at sjølv om ingen kan hjelpe alle, så kan alle hjelpe nokon. Vi har alle nokon vi kan gjere vel mot. Vi har alle nokon som har bruk for oss – direkte eller indirekte.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet øvst på sida syner nyss utsprungen lauvskog ved Husdalsvatnet i Lindås, og er teke av underteikna.

Haldis Moren Vesaas : Tung tids tale