Hardingfela er vårt nasjonalinstrument. Haggis er skottane sin nasjonalrett. Hakkasteik er festmat frå Hardanger. Hardingfele, haggis og hakkasteik, kva er samanhengen ?

For å seie det med ein gong : Vi er no på veg inn i spekulasjonane si underfundige verd. Og eg har altså spekulert i om det ikkje er ein samanheng mellom dei to nemnde rettane.

haggisDet er fleire grunnar til dette. Rettane er nokså like når det gjeld utsjånad: Biletet til venstre syner ein tallerken med haggis, medan biletet under til høgre syner ein porsjon med hakkasteik – det kunne like gjerne vore omvendt. Det er også store likskapar når det gjeld ingrediensar og tilbereiding. Og det er fleire som meiner at namnet haggis kan ha noko med ordet «hakke» å gjere. Som i hakkasteik.

Det ville ikkje vore underleg om namnet gjorde eit lite byks over Nordsjøen, for det var mangt og mykje som fann vegen over havet, både i eine retninga og i den andre. Tømmer, til dømes, for sjøvegen frå Hardanger til Skottland. Hattemotar, til dømes, kom andre vegen.Hakkasteik

Vi veit også at songar og melodiar tok vegen over havet, frå eitt land til eit anna. Så kvifor ikkje musikkinstrument ?

Vi veit at eit instrument som vart kalla viola d’amore var nytta på 1600- og 1700-talet fleire stader i Europa – mellom anna i Skottland, der det faktisk var i bruk til eit stykke inn på 1800-talet. Dette instrumentet hadde understrengar som klang med når ein spelte på det, akkurat slik hardigfela har. Det er ikkje utenkjeleg at ei  viola d’amore har vorte med på turen over Nordsjøen med ein musikkelskande jakteskippar eller tømmerhandlar. At dette instrumentet må ha vakt oppsikt blant folk i Hardanger, er ikkje vanskeleg å forestille seg.

Det er lensmann Ole Jonsen Jaastad i Ullensvang som har fått æra av å ha bygd den fyrste hardingfela. Dette skal ha skjedd i 1651. Og kan hende er dette ei genuin oppfinning av den nevenyttige lensmannen. Men like gjerne kan det vere at han fekk idéen om å byggje ei fele med resonnansstrengar etter å ha sett og høyrt ei viola d’amore frå Skotland, tenkjer eg. At fleire enn eg har sett ein mogleg samanheng mellom hardingfela og viola d’amore, skulle denne artikkelen vere eit tydeleg vitnemål om.

Eg trur på denne samanhengen. Eg trur viola d’amore har vore ein slags modell for hardingfela.  Og eg meiner at dette ikkje gjer hardingfela til eit mindre ikonisk nasjonalinstrument for Noreg. For tufta på det særeigne instrumentet som ei hardingfele faktisk har utvikla seg til å verte, har det oppstått ein musikalsk tradisjon som er heilt norsk. Det er registrert om lag 1000 tradisjonelle musikkstykke – slåttar – for hardingfele, og nye slåttar kjem stadig til. Tradisjonen er soleis både livsfrisk og levande, og i høgste grad eit norsk kulturuttrykk.

For meg framstår dette som eit viktig bilete for korleis kultur utviklar seg gjennom utveksling og vidareutvikling av impulsar. Vi gjer kulturen til vår gjennom å gjere noko med han.

Hardingfela på biletet over er ei av to hardingfeler som svigerfar min, Ivar Areklett, bygde ein gong på 1930-talet. Fela ligg på eit teppe av bomull, vevd i flensvevteknikk med eit mønster som ser veldig norsk ut. Men teppet kjem frå Afghanistan.
Biletet av haggisen er teke av Tess Watson. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Biletet av hakkasteiken er teke av Jarle Vines. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Hardingfele, haggis og hakkasteik