Dagen i dag er litt spesiell for meg : Frå no av er eg pensjonist på heiltid. Det er rart. Veldig rart.

Til dømes treng eg ikkje lenger bruke tida mi heime til å tenkje over hendingar og oppgåver på jobben. Fyrst no når eg skal sleppe taket i dette, oppdagar eg kor stor del av tida mi eg faktisk har brukt på denslags. 

Men dette er tid er skal nytte til andre ting, har eg tenkt : Eg har lyst til å skrive meir, fotografere meir, måle meir, lese meir, lytte meir til musikk – og kanskje verte flinkare med den delen av husarbeidet som ikkje handlar om matlaging.

Kanskje…

Og så skal eg prøve å halde meg i form. Eg veit at borna mine er urolege for at gamle far skal verte for stillesitjande og få for lite mosjon. Eg vonar eg skal få til ein levemåte som gjer at dei forstår at dei ikkje treng uroe seg.

Så i dag fylgde eg kona eit stykke på veg til jobben, og så gjekk eg heim att dei vel fire og ein halv kilometrane. Det var ingen heseblesande trimtur, men eg gjekk i litt meir enn vanleg spaseretempo. 

Det var berre det at eg stogga så ofte. For eg hadde med meg eit kamera, og rett som det var fann eg motiv eg gjerne ville ta bilete av.  Og medan eg gjekk der og såg på alt det vakre rundt meg, minna eg meg sjølv på at hausten på mange måtar kan vere den finaste tida på året.

Det var ein trøystefull tanke.

Hausttankar