Denne samlinga på 4 CD-ar inneheld alle dei store vokalverka komponisten Heinrich Schütz (1585 – 1672) etterlet seg. Av desse seks verka er fem knytt til påskehøgtida. Det sjette er den sjarmerande «Weinachtshistorie» – juleforteljinga.

Plateomslag_SchützMen her er det påskemusikken som skal ha fokus. Tre av verka er sokalla pasjonar. Det vil seie at tekstane i verka tek utgangspunkt i påskeforteljingane, slik desse er framstilte i evangelia. Det går fram av namna på pasjonane – Lukas-Passion, Johannes-Passion og Matthäus-Passion, kva evangelium dei har henta teksten sin frå.

Pasjonane vert framførte av songarar, nokon gongar solistisk, andre gongar i ensemblesong. Songane er utan tonefylgje av instrument. Ein skulle tru at dette vart einsformig, men melodiar og arrangement er tett tilpassa innhaldet i teksten, og songarane – både solistar og ensemble – er svært gode og løyser oppgåvene sine på ein framifrå måte. Det gjer at musikken understøttar innhaldet i tekstane, og gjer at ein som lyttar kan oppleve desse historiene på ein ny måte. Ein kjenner seg meir til stades i forteljinga, kan eg kanskje seie. Eg opplever at å lytte til Schütz sine pasjonar gjev rom for kontemplasjon og meditasjon over innhaldet i tekstane som vert framførte. Musikk til innvortes bruk, med andre ord.

Dei to andre påskerelaterte musikkverka, «Auferstehungshistorie» og «Die sieben Worte» har ein noko annan karakter. Her er songarane akkompagnerte av instrument. Ikkje store orkesteret akkurat, men bruken av instrument i desse verka gjer at den klanglege variasjonsrikdomen vert større, og for meg vert desse verka meir konsertaktige og mindre kontemplative.

«Auferstehungshistorie» tek for seg tida mellom Jesu oppstode og Jesu himmelfart, og møta han hadde med ulike personar, slik dette er beskrive i evangelia.

«Die sieben Worte» fokuserer på dei orda Jesus sjølv sa då han vart krossfest. Dei inngår i ein særskilt tradisjon, knytt til at desse orda vart opplest og gjerne ledsaga av musikk på spesielle gudstenester som vart haldne på langfredag. Meir om denne tradisjone kjem i ein annan CD-omtale.

Dei som framfører denne musikken, er den danske vokalgruppa Ars Nova, under leiing av Paul Hillier. Det er inga overdriving å seie at dette samarbeidet har gitt gode resultat, og at solistar og instrumentalistar har bidrege positivt til dette.

CD-ane er utgitt av det danske platemerket Dacapo med cd-nummer DACAPO 8.204035, og heile produksjonen står ikkje attende for dei musikalske prestasjonane. Det er altså mange gode grunnar for å investere i desse CD-ane – samt ein ikkje fullt så god grunn : Berre ein del av denne musikken er tilgjengeleg via Spotify.

Nedunder er ein liten film om arbeidet med denne musikken.

Annan påskemusikk finn du ved å manøvrere deg i feltet nedunder :

Heinrich Schütz : The Complete Narrative Works