Henribilete_2Henri Cartier-Bresson ( 1908 – 2004 ) er for meg den spontane estetikaren. Eit kjenneteikn ved stilen hans er at bileta ofte har ein tydeleg geometrisk komposisjon og samstundes eit spontant uttrykk. Mange av bileta hans er uoppstilte augneblinksbilete av menneske.

Cartier-Bresson var kunstnar. Han var også journalist. Forutan å dokumentere eigne reiser i Europa og Asia, dokumenterte han  den spanske borgarkrigen og andre verdskrigen. Men det var ikkje dei store og dramatsike hendingane som han festa til film. Cartier-Bresson hadde eit særskilt fokus på dei menneska han møtte, og mange av bileta er fine karakterstudiar.

Gjennom heile sin lange fotografkarriere nytta Cartier-Bresson same typen utstyr : Eit Leicakamera med eit 50 mm objektiv. Om kameraet seier han dette : «For meg er kameraet som ei skisseblokk, eit hjelpemiddel for intuisjon og spontanitet, meisteren over augneblinken som, i visuell forstand, spør og svarar samstundes.»

Samen med tre andre kjende fotografar grunnla Carter-Bresson fotobyrået Magnum Photos. Det er difor rimeleg at ein finn mange av hans mest kjende bilete attgitt på byrået si heimeside. Attgjevinga av bileta her er sopass god at ein får eit godt inntrykk av dei.

Og går ein til denne sida, finn ein lenkjer til bilete til over åtti andre fotografar som Magnum Photos formidlar bilete til. Her er mykje å sjå, og mykje å verte inspirert av.

Henri Cartier-Bresson – den spontane estetikaren