Ein kan lett kome til å tru at historia om den kristne jula er synonymt med juleevangeliet, som er å finne i kapittel 2 i evangeliet etter Lukas. Men så enkelt er det ikkje.

Det er ei mengd ulike historier knytt til jula. Nokre har bibelsk opphav, andre har det ikkje. Nokre er gamle, andre er av nyare dato. Ein kan finne spor av forteljingar frå heilt andre kulturar enn den jødiske.

Eg synest det er flott at så mange ulike historier er knytte til denne høgtida, og eg likar godt at historiane ofte går over i kvarandre og skapar nye samanhengar.

Dei ulike historiene har sin eigen funksjon : Kvar for seg kastar dei sitt lys over kjerneforteljinga i den kristne jula.  Slik eg ser det, handlar denne forteljinga om nærleik, nærleik mellom Gud og menneske. Men kvar historie har sitt utgangspunkt og si vinkling.

Del av mosaikk.
Del av mosaikk.

Det er soleis ikkje utan grunn at eg har illustrert denne vesle artikkelen med to nærbilete av ein mosaikk. Ser ein på bileta, kan ein eigentleg ikkje sjå anna enn små steinar i ulike fargar som er sett saman til noko som i og for seg er fint å sjå på, men som ikkje gjev noko meining. Men går ein eit steg attende, ser ein kan hende heilskapen på ein annan måte.

For dei to nærbileta på denne sida er henta frå ein og same mosaikken. Denne kan ein få sjå bilete av og få vite litt meir om ved å peike og klikke her.

Nedunder kjem ein song, der teksten i seg sjølv både er ei heil historie og samstundes ein kommentar til historia. Og han kjem frå  Midtausten, ein del av verda der kristne og kristendomen opplever å verte svært hardt pressa i desse dagar. Det at ikkje alle vil få den same fredelege jula som vi kan vente å oppleve, er også ein del av historia.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

03. desember – Historia om jula er historiene om jula