I hovudet på ein gamal gubbe kan det vere mange tankar som rører seg.

Ofte er det nok best at dei held seg der inne. Men av og til kan det kanskje vere OK at ein og annan strøtanke slepp ut i friluft og vert synleg som eit verbalt sleivspark i ei eller anna retning. Nedunder kjem det etter kvart nokre døme på dette. Kvart av dei kan lesast ved at du peikar og klikkar på den einskilde overskrifta.

Om biletet på toppen : Dette er eit utsnitt av eit portrett av ein gamal mann, laga av ein av mine favorittkunstnarar og store heltar, Katsushika Hokusai ( 1760 – 1849 ). Du kan finne ut meir om han ved å peike og klikke her.

Sjefredaktør i avisa Dagen, Vebjørn Selbekk, har lagt ut ein velskriven og reflektert artikkel på debattsida på avisa si heimeside – den kan lesast ved å peike og klikke her. For andre gong på mindre enn eitt år kan eg heilhjarta slutte meg til det mannen skriv. Det synest eg er kjekt!

Ola Borten Moe vil at kun norske statsborgarar skal telje med når grunnlaget for utrekning av trusstøtte skal definerast, og ynskjer at dette skal verte ein del av Senterpartiet sitt program. Dette kan ein lese meir om ved å peike og klikke her.

Vonleg får han solid motstand frå partifeller. Vert motstanden for hard, kan han sikkert starte nytt parti. Partinamnet «Nasjonal samling» har vore ledig ei stund…

5. oktober 2016 skriv Sylvi Listhaug : «I Norge er det norske lover, regler og verdier som gjelder.» 12. oktober skriv Dagbladet : «Sylvi Listhaug vil ha slutt på at asylsøkere sender penger ut av landet. Nå vil hun ta fra dem kontantene og kutte i støtten til barnefamilier på mottak.» Du finn artikkelen i Dagbladet ved å peike og klikke her.

Når vart det å vere småleg ein norsk verdi ?

Tidlegare ordførar i Oslo, Peter N Myhre, skriv dette i ein kommentar til «frisørdommen» i Jæren tingrett: «Interessant. Man har altså ingen rett til å avvise noen. Så hvis en mann iført naziuniform kommer inn i en frisørsalong så skal frisøren bare høflig si -Velkommen, sitt bare ned herr obersturmbannführer, hvordan skal vi ha det i dag?» 

Ein kan lese meir om det i denne artikkelen frå NRK.

Når eg ser artikkelbiletet av Peter N Myhre, kan eg på sett og vis forstå at mannen argumenterer som han gjer. Han vil truleg gjerne ha høve til å få stelt barten han også, og kan vel ikkje ta toget til Bryne kvar gong behovet melder seg…

Ein frisør er ( sannsynlegvis med rette ) idømt ei bot på 10.000 kr for diskriminering av di ho nekta ei kvinne med hijab tilgjenge til frisørsalongen sin. Frisøren grunna åtferda si mellom anna med at ho var redd folk i hijab. Kan hende ho i staden for bot skulle vore idømt samfunnsteneste, til dømes tretti timar med klypp og farging av håret til kvinner som elles ber hijab. Eksponeringsterapi skal kunne hjelpe for den typen angst som frisøren hevdar å ha – sjå denne artikkelen.

I Dagbladet den 03.09.2016 kritiserer forfattar og kunsthistorikar Tommy Sørbø kong Harald sin hagefesttale av di kongen ikkje definerer kva som er «norsk». Med andre ord : Kongen vert kritisert for at han sa noko anna enn det Tommy Sørbø meinte han burde seie. Kritikken er like rimeleg som om einkvan skulle kritisere Tommy Sørbø for ikkje å nemne van Gogh i eit foredrag om Rembrandt, sidan begge er nederlandske målarar.

Men skal kongen ha kritikk for at Tommy Sørbø ikkje fekk med seg at kongen i talen sin faktisk sa noko om kva han meinte burde kjenneteikne det norske samfunnet i framtida?

Laurdag 25. juni stiller Knut Arild Hareide opp i paraden til Oslo Pride. Ikkje alle er like glade for det:

«Den konservative pinsepastoren Jan-Aage Torp mener det er bakstreversk av Knut Arild Hareide å gi etter for press og delta i homoparaden.» ( sitat : nrk.no ) 

Eg trur pastor Torp har litt skeive forventningar til kva som går føre seg i ein homoparade.

Eg kom over ein tankevekkjande artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening. Du finn han ved å peike og klikke her. Artikkelen fortel noko om betydninga av at vi har ei nærverande presteteneste. Men er dette ei teneste som berre skal gjevat dei som bur sentralt, eller er det noko alle burde få del i?

Ein kan undrast over om dette er spørsmål som berre vedkjem oss som bur ute i distriktet, eller om dette kanskje også burde interessere meir sentrale personar, som til dømes biskopen i Bjørgvin.

Torsdag 7. april vart innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug  intervjua i Politisk kvarter på NRK1. Eit emne som gjentekne gongar kom fram i intervjuet, var ministeren sin omtrentlege omgang med innhaldet i ein forskningsrapport. Forskarane bak rapporten hadde sagt frå om at det ministeren hevda på grunnlag av innhaldet i rapporten, var det stikk motsette av det dei sjølve hadde konkludert med.

Vidare vart det påpeika at når datagrunnlaget i rapporten ikkje ga ministeren si saksframstilling ryggdekning, vart det spedd på med anekdotisk materiale. Dette kom klårt fram i intervjuet. Ein kan høyre intervjuet med ministeren ved å peike og klikke her.

Intervjuet har i ettertid vakt reaksjonar. Ein av desse reaksjonane stod på trykk i Telemarksavisa. Den kan ein lese ved å peike og klikke her.

Eg kan berre slutte meg til det innsendaren i Telemarksavisa skriv, og vil kun leggje til : Ein avkledd minister er ikkje eit vakkert syn!

Eg kan i dag lese at regjeringa ynskjer å gi kommunane høve til å halde attende pengestøtte til innvandrarar som ikkje består norskprøva i introduksjonprogrammet. Innvandrings- og integreringsminister kallar dette «ei gulrot» som vil få fleire til å leggje seg i selen – sjå denne artikkelen i VG.

Eg vonar det ikkje vert kravd av innvandrarane at dei skal skjøne ministeren sin metaforiske bruk av omgrepet «gulrot». Det gjer ikkje eg heller…

I dagens situasjon slit eg også med å innhaldsforklåre omgrepet «innvandrings- og inkluderingsminister».