Meir enn tretti år i skuleverket har lært meg mykje, ikkje minst om menneskeverd og mangfald. Mange gongar har eg sett at små gutar og jenter som kanskje har strevd på dei felta som vert mest vektlagde i skulen, har vore verkeleg store talent på andre felt.

Men så var det dette med anerkjenning, då. Anerkjenning for det dei er gode på. Anerkjenning for det dei er. Kanskje ikkje alle desse har fått den anerkjenninga dei hadde fortent.

Vi har fått ein mål- og resultatorientert skule, der kompetanse er målet. Ein kan undrast over om dei som legg føringar på korleis arbeidet i skulen skal drivast har gløymt at største delen av ordet «utdanning» er «danning». Og danning er som kjent noko meir enn berre å nå kompetansemål.

For mange år sidan kom eg over dette diktet av Ingvar Moe. Eg fann det i eit leseverk for grunnskulen, i eit hefte for tredje klasse. Eg synest at dei som tok dette diktet med, synte stor klokskap. Kan hende har diktet vore til kveik for ein og annan liten – og kan hende til ettertanke hos ein og annan stor. Stor takk til dei som tok diktet med i leseheftet.

Og stor takk til deg, Ingvar Moe, som har skrive dette kloke diktet. Det hadde vore fint om denne takkseiinga kunne nådd deg der du måtte vere!

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springa av stad som ein hjort,
å dukke i elva, å klatre i berget…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred
og får aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokke ei mor til å le,
ein hund til å danse, ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fange ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

PS : Eg har tonesett dette diktet, og det er blitt sunge av ikkje så reint få elevar opp gjennom åra, både i Masfjorden og i Os. No har eg lagt ut notar til melodien. Desse kan lastast ned ved å peike og klikke her. Vil du heller berre høyre melodien, kan du peike og klikke her. Tempoet melodien vert spelt i, er morderisk høgt. Men slik kan det gå når ein ikkje beherskar noteskrivingsprogram.

Biletet på toppen er eit utsnitt av eit fotografi teke av Jason Paluck i mai 2009. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Ingvar Moe : Eg kan