Respekt er viktig : «For oss som ennå er på jorden, er vårt sterkeste vern mot vold dette: Tilhørigheten i våre åpne demokratier. Mangfoldet, respekten.»

Sitatet er henta frå ein kronikk journalist og forfattar Åsne Seierstad skreiv i Aftenposten 17. november. Kronikken kan du finne ved å peike og klikke her. I kronikken advarar ho mot auka motsetnader mellom folk i samfunnet vårt. Ho manar til å ta vare på samhaldet. «IS frykter samhold mer enn de frykter bomber,» skriv ho.

Paul Signac : Frå hamne i St.Tropez
Paul Signac : Frå hamna i St.Tropez

Med andre ord : Når ei hending som den i Paris skjer – og slike hendingar er det grunn til å frykte vi vil sjå fleire av – skal vi tenkje oss grundig om før vi agerer. Vi skal passe oss vel for å puste meir liv inn dei glørne av mistru som alt ulmar i samfunnet vårt. Mistru og mistenkeleggjering har vi meir enn nok av som det er. Ein treng ikkje gå lenger enn til kommentarfeltet i kronikken til Åsne Seierstad for å finne døme på dette.

Og på sosiale media florerer hatefulle utspel : For ikkje mange dagane sidan var det ein kjenning av meg som delte på sosiale media eit oppslag med ein del utvalde sitat frå Koranen, under den lett sarkastiske overskrifta «Islam – fredens religion». Sitata er truleg autentiske. Men går ein til Det gamle testamentet, finn ein mykje av det same tankegodset der også, utan at dette vert problematisert i særleg grad.

Innlegget kom opphavleg frå ei Facebookside som kallar seg «Norge, vårt fedreland»: Eit raskt gjennomsyn over innhaldet på sida gjorde det tydeleg at dei som lagar dette, må ha ein temmeleg eksklusiv definisjon på kven «vi» er, som måtte ha Noreg som «vårt» fedreland. Innhaldet på denne sida får meg til å tenkje på ein epoke i historia vår som ligg om lag åtti år attende i tid. Då var det og klårt for einskilde at nokre var betre nordmenn enn andre.

Eg trur det er viktig å motarbeide denslags tankegods. Vi er ulike, og det er OK så lenge vi let kvarandre vere ulike innanfor dei rammer som er sett i lovene våre. Å mistenkeleggjere kvarandre bidreg ikkje på ein positiv måte til eit godt samkvem, prega av respekt og mangfald.

Til sist ein liten kommentar til biletbruken her : Biletet oppe på sida er eit utsnitt av måleriet «Hamna i St.Tropez», måla av den franske målaren Paul Signac. Dette er attgitt i sin heilskap inne i artikkelen – peik og klikk på biletet, så ser du ein større versjon av det. Biletet er ikkje tilfeldig vald – den som vil, kan tenkje over kva som var meininga med å ta det med.

 

Ja til mangfold og respekt