Mange viser har ein moral. Denne er ikkje noko unntak : Solidaritet er nyttig – berre les siste verset.

Dette er ei vise eg har sunge på sidan slutten av sekstitalet. Eg trur eg fyrste gongen høyrde henne med den fine visekunstnaren Alf Cranner.

Eg har alltid vore glad i denne visa, og etter kvart som eg er blitt eldre, har eg forstått at moralen i henne er like aktuell no som den gong eg lærte visa å kjenne.

Nissen på Kobbeskjæret

Eg sat der i skymingsstunda med bestefarlampen tent
og smått apokryfisk grunda, var skriftlærd og bibelkjent.

Brått borti klinka knatt det – bestefarlampen brann –
og svint gjennom døra smatt det ein liten, gråkledd mann.

«Godkveld,» sa eg, «er det ein nisse som her er ute og går?»
«Til visse, godfar, til visse. Du ser meg her eg står.»

«Du trur vel eg kjem her åleine, men sjå berre ut, ja sjå:
Der ute i kvelden seine, kjerring med fire små.»

«Velkomne, velkomne, kjære, de gleder mitt hus, kan de tru.
De gjer på mitt hus stor ære. Men kvar har de tankt å bu?»

«Vi treng ikkje større plassen, vi reier oss snøgt eit hi.
Lån oss berre denne kassen frå Hansa bryggeri.»

«Ja, den kan de vel få leige, for den er som vanleg tom.
Tak han til odel og eige. Ta tølene hit og kom!»

Til svara den vise hyrde og langskjegga nissekall:
«Vi skal ikkje bli deg til byrde, neiggu om vi skal,

for når me til slutt omsider har råka ein gentlemann
så skal vi til alle tider gå inn, gå inn for han.

Nissen i styggeveret passar på seg og sitt.
Nissen på Kobbeskjæret passar på deg og ditt.»

Biletet på toppen av sida er ein «kompostnisse», teikna av den danske kunstnaren Ib Spang Olsen. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Jakob Sande : Nissen på Kobbeskjeret