Dette diktet vart lagt ut i dag av forfattaren, Jan Kidøy, på tidslina hans på Facebook. Der ligg det mange andre fine dikt han har skrive også, men dette traff meg på ein særskilt måte. Eg synest det er eit dagsaktuelt dikt – dessverre.

For meg handlar dette diktet om at vi lever i ei tid der «eg» tek så mykje meir plass enn «vi». Og med «eg» meiner eg «meg, mitt og mine». Vi ser så godt våre eigne behov, og har tilsvarande lite syn for andre sine behov. Fenomenet er tydeleg nok på så mange område, men eitt av dei områda der dette kjem fram som allar tydelegast, er i spørsmål som har med migrasjon å gjere.

Eg trur det er fårleg. Vil vi ikkje dele, vert det vanskeleg når vi må dele. Og det må vi, før eller seinare. For slik det er nett no, har vi unna oss goder på eit nivå som ikkje er bærekraftig. At noko ikkje er bærekraftog, er det same som at det vil kollapse på eitt eller anna tidspunkt. Og kva då?

Historia har lært oss at det kan vere ein vanskeleg situasjon å kome oppi.

Då er det godt med dikt som minnar oss om at største hinderet for å få til naudsynte endringar, kan vere oss sjølve og vår eigen egoisme.

I VEGEN

Eg står i den kalde verda
og ser mot ein varmare stad,
der omsut og kjærleik blømer,
der liten og stor er glad.

Men noko stengjer for sikten,
noko eg skulle ha visst:
Det er EG som står i vegen
– så blind er ein egoist.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Jan Kidøy : I vegen