Når denne teksten er synleg på heimesida mi, har yngste dotter vår reist til andre sida av jordkloden, og der skal ho vere i nesten eitt år. Det synest eg er langt, og det synest eg er lenge.

Men det er dit vegen hennar går, og den vegen skal ho fylgje. Vi heime skal støtte henne i dette, og våge å tru at det vert ei god reis på den vegen.

Og så kan vi håpe at ho har fått med seg noko i ferdaskrinet sitt som ho kan ha nytte og glede av undervegs, slik Jan-Magnus Bruheim så vakkert skildrar det her :

Ferdaskrinet

Då eg drog ut på ferda mi
så fekk eg med eit ferdaskrin
å gøyme gode minne i.
Og når eg opnar loket
så ligg dei der og skin.

Der gøymer eg kvart smil eg fekk
og alle gode, varme ord
og ser att vegen som eg gjekk
i lag med sysken, far og mor.

Når det blir skumt som i ei grav
og mørkret står og seier nei,
då tek eg atter loket av.
Der skin dei ljose minne
og lyser langan lei.

Jan-Magnus Bruheim

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Jan-Magnus Bruheim : Ferdaskrinet