Jan-Magnus Bruheim er  ein diktar som på ein heilt særeigen måte har flytta inn i livet mitt. Det begynte med dikt som har vore med meg i mange år, utan at eg eigentleg har tenkt så mykje over kvar dikta kom frå. Men så har eg oppdaga at dette er ord frå Jan-Magnus Bruheim sin penn.

Og etter kvart har eg oppdaga at mange av desse tilsynelatande enkle dikta rommar mykje meir enn storleiken på dei skulle tilseie. Her kjem eit lite døme på dette :

Gamal visdom

Å leva berre for seg sjølv
er armods liv å leva.
Å gjeva av si overflod
det er ikkje å gjeva.

Trygg er kvar den som feste finn.
Kvar fugl vil søkje reiret.
Å vera til er mykje, men
å høyre til, er meire.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Litt om biletet på toppen : Det er eit utsnitt av eit måleri av den tyske romantiske målaren Caspar David Friedrich. Meir informasjon om måleriet finn du ved å peike og klikke her.

Jan-Magnus Bruheim : Gamal visdom