Det er skrive mange dikt om døden, og om det å dø. Eitt av dei fann eg i ein diktantologi eg kjøpte for mange år sidan. Det har fylgd meg i alle år seinare.

Like sikkert som at vi lever, er det at vi skal dø. Vi veit det, alle. Kva som så skal skje, veit ingen. Kan hende skjer det ingen ting, kan hende er enden på dette livet starten på noko anna. For sikkert mange fleire enn meg kan tanken på dette trigge ein uro.

Då kan det vere godt å sjå at andre har tenkt på døden, og skrive ned tankane sine, til dømes i dikts form. Ein annan stad på heimesida mi har eg publisert eit dikt av Kolbein Falkeid.

Og Kolbein Falkeid er i godt selskap : Jan-Magnus Bruheim har skrive eit dikt der han i alle fall antyder at eitt eller anna er der framme og ventar på oss. For meg har dette diktet ein ro over seg som gjer godt. Kan hende er det ein av grunnane til at eg har bore med meg dette diktet sidan tidlig på syttitalet, då eg gjekk til innkjøp av boka eg fann det i : I grenselandet, ein antologi ved Halldis Moren Vesaas, utgitt av Den norske bokklubben.

Koma ein kveld

Ein kveld skal du leite
fram til ein stad
du aldri har vore før.
Fumle deg fram til huset,
opne ei dør –

Stå der og stryke
med blinde fingrar
over ting
som du ikkje kan sjå –
Veta dette:
Dei  e r  ikring deg
og til å nå.

Koma ein kveld
til eit framandt hus,
når vegen er gått til ende.
Fumle med hendene –
ane det usedde
som ei kviskring.
Finne eit ljos
– og tende.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Informasjon om biletet oppe på sida kan du finne ved å peike og klikke her.

Jan Magnus Bruheim : Koma ein kveld