Enkelte gongar er det ikkje lett å vite kven som kom fyrst: høna eller egget. Men som Gro Harlem Brundland ein gong sa det: «Alt heng saman med alt.»

Og diktet til Jan-Magnus Bruheim er ei vakker påminning om at vi ved å syne kvarandre litt forståing og framsnakking, på ein positiv måte kan påverke korleis andre opplever seg sjølv.

Jan Magnus Bruheim : Liten gut fortel

Eg fekk det ordet eg var tverr
og lei og vrang og sky og skjerr.

Eg ikkje anna høyre fekk,
og sturen var eg kvar eg gjekk.

Visst er eg vrang og vond og sur,
eg må vara slik dei trur.

Så hende det ein vakker dag
at all ting fikk eit anna lag.

Igjennom veggen høyrde eg
at nokon tala godt om meg.

Eg ville ikkje lyde på,
men stilde meg så lett på tå.

Og høyrde eg før eg smeit meg ut:
”Han er så grei og gild den gut”.

Eg kvakk litt til, men var så glad
då eg fikk høyra kva dei sa.

Eg gøymde meg og sto og gret,
men alt i kring vart så ljost og let.

Og midt i gråten tenkte eg,
at når dei trur så godt om meg

då skal eg jamn syna dei
at eg kan vara god og grei.

Dei godord gjorde dagen bjart.
Å du, kor hjertevarm eg vart.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi teke av Sanyam Bagha. Informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Jan Magnus Bruheim : Liten gut fortel