Her om dagen skulle kona mi og eg til Nordhordland lensmannskontor for å skaffe oss nye pass. Timeavtale var gjort, og vi hadde tilpassa denne avtalen med andre avtalar vi hadde. Det er slik vi må gjere det no, når vi må foreta ei halv dagsreis for å få utretta denne typen ærend…

Ein strek i rekninga var det at vi begge var begynt å bryggje på ein influensa, og det prega oss – meir enn vi trudde. Det var det lett å sjå då dei nye passa dumpa ned i postkassa vår nokre dagar etter. Det er inga overdriving å seie at ingen av oss framstod frå vår mest fotogene side.

Men ein fordel kan no likevel bileta syne seg å ha: Normalt er det slik at dess lenger tid det går frå passbileta vart tekne, dess mindre liknar vi på bileta i passa våre. For oss er det no omvendt. Vi skal ikkje håpe på det, men vi må nok rekne med at vi etter kvart som åra går, meir og meir kjem til å likne på dei lett forhutla framtoningane på passbileta våre. Kan hende vil det etter kvart opplevast som praktisk  – kven veit?

Nei biletvakre skal vi ikkje skryte på oss at vi var på desse fotografia, korkje kona mi eller eg. Men kva vil det eigentleg seie å vere vakker?

Om lag samstundes som passa våre landa i postkassa vår, dukka eit dikt opp på facebooksida mi. På ein forunderleg måte vart det ein aktuell kommentar, og eit svar på spørsmålet om kva det vil seie å vere vakker. Det er lyrikaren Jan-Magnus Bruheim som har ført desse orda i pennen :

Vakker og god

Han sat der og såg på henne
og tenkte så rare ord.
Så våga han til å seia
«Du er så vakker du, bestemor!»

«Å nei», svara bestemor
med ein sukk.
Du kan ikkje seia
at eg er vakker
som er berre skrukk-i-skrukk!»

Då såg han ho inn i augo
og tagde still.
Men tenkte med seg:
Det finst ingen annan,
som er så snill.

Sidan møtte han livet-
det både græt og lo.
Møtte med varme og kulde,
som smeikte han, eller slo.
Det gav han ei visse:

At vakker,
er berre den
som er god!

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Biletet oppe på sida syner Olivia Hooker. Det syner seg at ho har ei svært spesiell livshistorie. Den kan du lese ved å peike og klikke her – og eg vil råde deg til å gjere det. Når ein ser på biletet av henne og les det som er skrive om henne, skjønar ein at Jan-Magnus Bruheim hadde rett.

Jan-Magnus Bruheim : Vakker og god