I 1642 skreiv den franske jesuittmunken og misjonæren Jean de Brébeuf denne songen, som altså heiter Jesous Ahatonia, men som også er kjend som «The Huron Carol».  Songen tolkar juleevangeliet, men plasserer det i rammer som var kjende for huronarane – på same måte som «Julekveldsvisa» gjer juleevangeliet heimleg for oss.

Jean de Brébeuf arbeidde blant huron-folket som heldt til i områda i Canada vi i dag kallar provinsen Ontario. Han forstod at for å lukkast i misjonsarbeidet var det viktig å kjenne, forstå og respektere huronarane sin kultur, og språket og skikkane deira.

Eit bidrag i dette arbeidet var denne songen, Jesous Ahatonia. Her flyttar Jean de Brebouf juleevangeliet frå markene kring Betlehem og til dei kalde, mørke skogane i Ontario. Han fortel ikkje om gjetarar, men om jegarar som kjem for å tilbe Jesusbarnet. Dei heilage tre kongane vert hovdingar som kjem med gåver – ikkje med gull, røykjelse og myrra, men med varme og gode skinnfellar.

Melodien skal vere ein fransk folketone. Teksten var opphavleg skrive på huronarane sitt eige språk, men også med fransk tekst. På slutten av 1800-talet vart songen omsett til engelsk, og for nokre få år sidan drista eg meg til å lage ei norsk gjendikting av han. Notane er attgitt nedunder, og deretter kjem resten av den norske teksten som eg laga.

Huron Carol

Ei hytte, bygd av bark og bar vart vern mot kalde kveld.
Der låg eit lite barn som var sveipt i ein fillet fell.
Då jegrane mot hytta fór, dei høyrde englars jubelkor :
Jesus, Guds son er her. Jesus er her. In excelsis gloria.

Sjølv glansen ifrå vintermånen, stor og rund og fin,
vert bleik mot himmellyset som på veslebarnet skin.
Sjå hovdingar som gåver gjev, av pels frå bever, pels frå rev.
Jesus, Guds son er her. Jesus er her. In excelsis gloria.

De born av frie skogar, born av Gitchi Manitou,
kom her og tilbed barnet som frå himlen laga bru.
Han varme gjev til dei som frys, og midt i mørkret tenner lys.
Jesus, Guds son er her. Jesus er her. In excelsis gloria.

Denne songen er eit glimrande døme på korleis ein god melodi kan bearbeidast og arrangerast med godt resultat innan mange ulike stilartar.

Nedunder kan ein høyre songen på huron, fransk og engelsk, i eit litt rustikt arrangement.

Og her kjem han i eit meir klassisk arrangement, framført av det amerikanske mannskoret(!) Chanticleer :

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

11. desember – Jesous Ahatonhia, eldste julesongen i Canada