Kva rolle hadde Juleoratoriet i gudstenestene det var ein del av?

William Hogarth : The sleeping congregation.Biletet attmed er av den engelske målaren William Howarth. «Den sovande kyrkjelyden» er ei satirisk attgjeving av ei gudsteneste i ei engelsk kyrkje. Ein prest held ei preike til ei forsamling som heilt tydeleg forlengst har tankane heilt andre stader – eller har «lagt seg i Morphei armar», som Carl Michael Bellmann gjerne ville ha sagt det. (Vil du sjå biletet i ein litt større versjon, kan du peike og klikke på det.)

Truleg kunne dette biletet like gjerne vore måla i Tyskland, for gudstenestene her var også temmeleg omfattande Dei kunne gjerne vare i fleire timar. Då kunne musikalske innslag i form av ein kantate framstå som eit fint avbrekk. Men kantatane var noko langt meir enn eit kjærkome innslag i ein heller langdryg liturgi. Dei var knytte til preiketeksten for den søn- eller heilagdagen dei vart framførte på, og bidrog til å formidle temaet for dagen og tankar knytt til dette. Ikkje sjeldan vart dette mønsteret fylgd :

  • Ein tekst frå Bibelen vart framført som eit resitativ – ein solosong med eit heller enkelt akkompagnement.
  • Deretter kom det gjerne ein arie, som var ein meditasjon over innhaldet i teksten, med ei utdjuping av tankegodset i denne.
  • Så kom det ein korsats. Denne hadde gjerne eit innhald som sette fokus på korleis tankane i teksten kunne ha noko å seie for kyrkjelyd og kristenliv.
  • Avslutningsvis vart det sunge ein koral, det vil seie ein salme som ein kunne forvente at kyrkjelyden var kjent med. Forutan å knyte det aktuelle tankegodset til tekstar folk kjende, framstod koralane som ei slags «kvittering» på at tankegodset var teke imot og forstått.

Det var ikkje uvanleg at dette mønsteret vart gjennomført to gongar i løpet av ei gudsteneste.

Ein liten kommentar bruken av koralar: I denne samanhengen er ordet koral brukt om ein salme. Martin Luther var svært oppteken av at ein skulle nytte salmar i ein pedagogisk samanheng, og bruk av salmar vart etter kvart ein svært viktig del av gudstenestene i lutherske kyrkjer. Gjennom salmetekstane skulle den menige kyrkjegjengar få ei innføring i ulike sider av den kristne truslæra. Slett ikkje alle kunne lese, og dermed måtte ein formidle det kristne tankegodset på andre måtar enn berre gjennom det trykte ordet. ( Om lag slik ein har formidla ord og tankar gjennom biletbruk i andre tradisjonar. )

Men Juleoratoriet har truleg også hatt ein annan rolle i tillegg til å gjere innhaldet i desse gudstenestene rikare. På denne tida var det mange som tok til orde for at ein del skikkar knytt til julefeiringa burde endrast. I mange tyske byar var det blitt tradisjon å halde sokalla «Christ Comodies», som frå fyrst av hadde vore vidareføringar av mellomalderske mysteriespel, men som gjennom åra hadde utvikla seg til noko som mest av alt kunne minne om karnevalsopptog. Ei kjend figur i desse comodiane var Knecht Ruprecht, ein figur som delte ut gåver til dei snille borna og straffa dei som ikkje var så snille. ( Dette er ein figur som vi kjenner frå andre tradisjonar også, men då med andre namn.)

Etter kvart hadde desse comodiane utvikla seg til å verte temmeleg utsvevande hendingar, og det kom ein reaksjon: Mange stader vart slike comodiar rett og slett forbodne på byrjinga av 1700-talet.

Kva skulle ein så ha i staden? Det vart viktig å fokusere på den sentrale forteljinga i den kristne julefeiringa, juleevangeliet. Og dette skjedde nettopp gjennom å utdjupe og berike forteljinga av juleevangeliet. Johann Sebastian Bach var ikkje den fyrste som laga musikk spesielt retta mot denne tematikken. Men som ein komponist av si tid, fanga han opp og vidareformidla tankegods som mange i hans samtid var opptekne av. Dette skriv eg litt meir om på neste side.

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet