Om Jesu trefaldige ankomst og anna teologisk tankegods
Don Lorenzo Monaco : Madonnabilete frå Monte Oliveto-alteret.

Ta ein titt på biletet attmed – peik og klikk på det for å sjå det i detalj. (Informasjon om biletet får du ved å peike og klikke her.)

Kva ser vi? Vi ser Maria og Jesusbarnet. Men det er ikkje den fattige ungjenta som var henvist til å føde barnet sitt utomhus vi ser. Heller ikkje ein liten, nyfødd guttepjokk. Vi ser to kongelege figurar. Vi ser ei dronning omgitt av prakt, og ein liten kar på fanget hennar som lyser av autoritet.

Vi ser to sider av det som vert kalla Jesu trefaldige ankomst til jorda.

Jesu trefaldige ankomst er ein tanke om at Jesus kjem til jorda tre gongar- i fortid, i notid, i framtid :

  • Fyrste gongen kjem han som eit lite barn som startar sitt korte jordeliv med å verte fødd i fattige kår ved Betlehem.
  • Andre gongen kjem han til kvar av dei som vil opne hjartet sitt for han.
  • Tredje gongen kjem han som himmelkongen på den siste dagen.

Juleoratoriet er på mange måtar bygd opp rundt denne tankegangen. Det startar med å omtale den fyrste ankomsten, den historiske hendinga, slik ho er skildra i andre kapittel av evangeliet etter Lukas. Og det avsluttar med fokus på den tredje ankomsten, om Jesu si attkome som herskar over himmel og jord.

Og heile tida er det eit verk som nettopp appellerer til dei som høyrer det, om å sleppe Jesus til i hjartet sitt. Det er ikkje tilfeldig. På denne tida var ei ny retning innan protestantismen på full frammarsj – pietismen. Pietismen la stor vekt på at den kristne bodskapen og trua på han måtte slå rot i hjarte og sinnelag hos den einskilde, og at dette i neste omgang så ville innverke på den einskilde sin veremåte og levemåte.

Juleoratoriet er soleis eit godt uttrykk for teologisk tankegods i tida då det vart laga. Samstundes er det eit kunstnarleg uttrykk som også vi moderne menneske kan ta til oss, dersom vi gjev oss sjølve tid til å lytte.

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet