John Bauer : Julebukk

Eg vaks opp på Storetveit, i det som då var Fana kommune, og som no er ein del av Bergen. Då eg var gutunge på 1960-talet, var det vanleg at vi ungane gjekk julebukk på nyttårskvelden. Utkledde gjekk vi frå hus til hus, som regel i små grupper, og ringde på. Nokre stader vart vi vel mottekne og fekk både godord og godteri. Andre stader møtte vi stengde dører.

Det var forventa at vi skulle opptre med eitt eller anna – å berre stille seg opp for å få snop var jamngodt med tigging, fekk vi høyre.

Eg hugsar at mor vår eitt år laga meg ein krinolineliknande kjole av kreppapir som ho sydde lagvis på eit gamalt skjørt. Iført den kreasjonen samt eit kyseliknande hovudplagg og nokre solide strøk med mor mi sin leppestift gjekk eg rundt og song «Vi er to små fine damer» av Kjell Lund – eit utsnitt av originalen kan høyrast her – heile nyttårskvelden. (Det er vel det nærmaste eg har vore å gå i – eller kanskje heller som – transe…)

Tysk julekort frå tidleg 1900-tal som syner Krampus gi den vesle jenta eple som løn for fin framferd – og guten i matrosdress straff for det motsette.

Ikkje visste eg at eg bidrog til å halde liv i ein eldgamal tradisjon som var utbreidd i store delar av Europa. Det var ikkje uvanleg at folk kledde seg ut i underlege kledningar og gjekk i opptog. Og med folk meiner eg ikkje berre born. I mange land var det vaksne personar som gjekk rundt i opptog i juletida, iført temmeleg burleske kostyme.

Ein av figurane som ein kunne sjå i desse opptoga, heitte Krampus. Han vart ofte framstilt med bukkehorn og ei lang, raud tunge. Rolla hans var å tukte borna som ikkje hadde tedd seg skikkeleg i året som var gått – jamfør Sinterklaas sin medhjelpar Zwarte Piet, som eg skreiv om 6. desember.

Søkjer ein på nettet etter bilete av Krampus, er det mykje stygt å sjå. Det tyske julekortet som eg har teke med her, er eitt av dei «snillare». Ein kan forstå kvar dei må ha funne inspirasjonen sin, dei som lagar den grafiske profilen og scenedraktene til Black Metal-banda.

Også i norsk biletkunst finn vi avbildningar av julebukkar. Eit godt døme er Nils Bergslien sitt måleri «Julereia» frå 1922. Det er eit humoristisk bilete av eit julebukkopptog. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her. Studerer ein detaljane i dette måleriet, oppdagar ein at ein her har samla ein del figurar som ikkje akkurat ser ut til å vere vanlege folk som har kledd seg ut.

Nils Bergslien: «Julereia» (1922)

Eg trur at Bergslien med det har synleggjort at julebukktradisjonen er noko langt meir og mykje eldre enn ein tradisjon knytt til den kristne julefeiringa. Fleire folkloristar har hevda at opphavet til julebukken kan ha vore eit offerdyr – ein bukk som ved vintersolsnu vart ofra til gudane for at det komande året skulle verte godt og grøderikt.

Det var altså ikkje berre i min barndom at ein gjekk rundt og vona å få noko godt att for å gå julebukk. Men det gjekk nok verre med julebukkane i riktig gamle dagar – før min barndom, med andre ord – enn det gjer med julebukkane no til dags.

Du kjem attende for startsida til romjulstankane mine ved å peike og klikke her.

Julebukkar – ikkje berre for dei små