Rektorane i Voss kommune har bestemt seg for at frå og med skuleåret 2016 / 2017 skal det vere slutt med at elevane deira går saman til kyrkje før jul.

I ein artikkel attgitt i avisa Hordaland grunngjev rektorane dette . Dei skriv mellom anna med at dei ikkje ynskjer «at spørsmålet om jolegudsteneste skal splitta skular, elevar og foreldre og har difor valt å ta eitt felles standpunkt for å få lik praksis.» Dei viser også til uro ved ein av vosseskulane i 2015.

Avgjerdsla deira er sikkert godt meint. Men klok er ho etter mi meining ikkje.

Eg synest det er fleire grunnar til at ein bør halde fast ved tradisjonen med julegudstenester. Ein grunn er faktisk at dette er ein tradisjon. Tradisjonar og vedlikehald av desse er med på å styrke identiteten vår. Og sjølv om mange ikkje likar tanken, er det eit faktum at Noreg som nasjon og nordmenn som folk kan sjå attende på ei meir enn tusen år gamal historie med kristendom som ein viktig del av vår felles kulturelle referanse.

Å vedkjenne seg det er ikkje det same som å slutte seg til kristendommen si tru og lære. Det er meir eit uttrykk for ei erkjenning av at dette er ein del av vår felles bakgrunn, og at mykje av tankegods og talemåtar er henta herfrå. Eit litt morosamt døme på det siste : Påstanden om at julegudstenester kan verke stigmatiserande er ikkje sjeldan å sjå. Den som vil, kan reflektere litt over kva samanhengar ordet «stigmatisere» vert nytta i…

Ein annan grunn er korleis ein skal møte religion som fenomen i eit samfunn som vert meir og meir mangslunge, også med omsyn til religion. Vi har i dag eit større religiøt mangfald enn vi nokon sinne har hatt. Samstundes er den delen av folkesetnaden som har eit ikkje-religiøst livssyn, stadig aukande.

I mai 2016 skreiv Harald Eia ei ytring på NRK si heimeside med overskrifta : «Religion går over av seg selv» – ein kan lese denne ved å peike og klikke her. Med utgangspunkt i det faktum at ein enno ikkje har påvist eitt einaste samfunn eller ein einaste kultur som manglar eit religiøst islett, trur eg med respekt å melde at mannen tek feil. Men det er hyggeleg at sosiologen dristar seg til å kome ut med sine trusytringar i det offentlege rommet – og det endåtil i eit emne som i alle fall til ein viss grad er knytt til fagfeltet hans. For det er fint at folk får gi uttrykk for det dei føler, trur og tenkjer.

Uansett ligg ein slik postulert tilstand av manglande religiøsitet i samfunnet vårt langt framme i tid. For  dei som veks opp idag vert det viktig å kunne handtere ulikskapane som er i samfunnet vårt i dag, både mellom religiøse og ikkje-religiøse, og mellom ulike religionar.

Eg trur det beste verktøyet vi kan gi borna for å handskast med dette, er å gi dei forståing for at det er greitt at folk er ulike. Ein måte å markere dette på, kan vere å la seg innby som «gjest» til situasjonar ein sjølv kjenner seg framand for. Ei julegudsteneste er nettopp ein slik situasjon.

Ein konsekvens av det eg skriv her, er at dette også må gjelde for andre religionar med ein viss grad av representativitet i lokalmiljøet – og graden av representativitet treng ikkje vere høg. Det er noko eg ville synast var bra!

Ein tredje grunn vil eg belyse med noko tragisk som skjedde nettopp i Voss kommune. I juni 2016 vart ei kvinne som budde på Evanger, myrda. Dette kom som eit sjokk på dei som budde der og som kjende henne. I den samanhengen vart kyrkja den naturlege samlingsstaden for bygdefolket.

Eg trur det er viktig at det er ein slik beredskap i lokalmiljøet. At kyrkja er blitt eit naturleg samlingspunkt når slike situasjonar oppstår, har vi mange døme på. For å ta eit døme dei fleste truleg kjenner til : Domkyrkja i Oslo, og ikkje minst Domkyrkjeplassen, vart eit slikt samlingspunkt for veldig mange i dagane etter hendingane 22. juli 2011.

Men skal kyrkja opplevast som ein stad der alle kan kome og vere saman, og kjenne seg like velkomne uansett tru, uansett livssyn, er det kan hende eit poeng at dei har vore der før. Julegudstenester er eit høve til å møte kyrkja på ein uforpliktande måte.

Biletet øvst på sida er teke av George Hodan. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Julegudstenester – det er fa’li det… Eller ?