I år vert det fjerde gongen at eg har ein eigen julekalender på heimesida mi. Attendemeldingar frå tidlegare år tyder på at mange av dei som har vore innom han i åra som har gått, har synest han har vore kjekk å fylgje med på.

Det er eg glad for.  Og difor gled eg meg til å ynskje alle hjarteleg velkomen attende til julekalenderen min 1. desember i år – etter planen i ei lett endra utgåve, men framleis slik at det opnar seg ei luke fram til julaftan (då det opnar seg to) .

J.F.de Almeida jr.: «Forstudie til Den heilage familien sin flukt til Egypt»

I mellomtida let eg denne sida oppta plassen julekalenderen har når han er framme. Og lat meg med ein gong seie at biletet som prydar denne sida, er vald med omhu. Det er laga av den brasislianske målaren José Ferraz de Almeida Júnior (1850 – 1899) og har tittelen «Forstudie til Den heilage familien sin flukt til Egypt».  Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Når eg har vald å ha med dette biletet her, er det av di Maria, Josef og Jesusbarnet kan hende er den fyrste flyktningefamilien som vi kjenner namnet til. I dag kjenner vi namnet til fleire, men slett ikkje alle. For aldri før i menneska si lange historie har så mange menneske sett seg nøydde til å flykte frå forfylgjing, overgrep, vald og død.

Aldri.

Det skal vi ikkje tillate oss å gløyme.

Og det må vi ikkje tillate oss å vere likegyldige til.

Jula er ei fin tid, for meg, og for mange andre, heldigvis. Og vi skal unne oss å ha det godt saman med dei vi har rundt oss. Vi skal kjenne på og gle oss over at vi er ein del av ulike samanhengar. Samanhengar på tvers av rom, samanhengar på tvers av tid. Samanhengar mellom menneske vi har kring oss.

Men eg får lyst til å minne om orda til heile Noreg si matmor, Ingrid Espelid. Ho skal ha sagt noko slikt som at: «Det er ikkje det vi puttar i oss mellom julafta og nyttårsafta som er fårleg for helsa vår. Det er det vi puttar i oss mellom nyttårsafta og julafta vi må passe på.» Det er ikkje slik at verda går under av di vi går litt inn i vår eiga vesle hyggeboble i jula og kjenner på kor godt vi har det. Men dersom vi trur at vi alltid skal ha det slik, så er ikkje det bra, korkje for oss sjølve eller for andre.

Dagleg har vi lest og høyrt om menneske som ikkje har det så godt som vi, og som treng vår hjelp. Behovet er langt større enn det vi evnar å svare på. Men då er det viktig å hugse korleis diktet «Tung tids tale», av Haldis Moren Vesaas sluttar:

«Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!»

Med dette vil eg ynskje dykk vel møtt attende 1. desember.