Den andre delen av juleoratoriet er etter mi meining den mest poetiske. Bach tek utgangspunkt i vers 8 – 14 i juleevangeliet. Her vert møtet mellom englane og hyrdingane skildra.

Denne delen skil seg frå dei andre delane av juleoratoriet ved at han vert innleidd med eit instrumentalstykke. I dette stykket er det to instrumentgrupper som er sett opp mot kvarandre : strykarar og treblåsarar. Ein kan tenkje seg at dette stykket illustrerer dialogen mellom englane, representerte av strykarane, og hyrdingane, representerte av treblåsarar.

Umiddelbart etterpå kjem eit døme på korleis Bach har nytta musikken som dramatisk verkemiddel for å formidle juleevangeliet. Ein songar som framstår som evangelisten Lukas syng skildringa av møtet mellom gjetarane og hyrdingane, før koret kjem med ei kort «kvittering» i form av eit vers frå ein salme ein må rekne med at dei som høyrde musikken i 1734, kjende til innhaldet i. Deretter får evangelisten ordet igjen, men når han skal sitere det englane sa, vert han erstatta av ein sopran.

Litt lengre ute i denne delen av juleoratoriet kjem eit resitativ – ein sungen monolog –  som oppfordrar gjetarane til å skunde seg til stallen for å sjå det nyfødde barnet, og glede seg over det. Med tanke på at treblåsarane alt er nytta som representantar for gjetarane, er det ikkje så underleg at songaren her vert akkompagnert nettopp av denne instrumentgruyppa.

Det kan vere på sin plass å ta fram nok ein song frå denne delen av juleoratoriet. Denne er ein voggesong til Jesusbarnet:

Sov, min kjæraste, nyt kvilen,
heretter skal du sjå til at alle har det godt.
Kjenn gleda vi føler i hjarta våre!

Gjennom å legge til ein slik voggesong vert den store historia – at ein frelsar er født – supplert med ei mindre, men litt nærare og meir ålmenn historie: at det inn i ein liten familie er født eit nytt barn.

Og så sluttar denne delen av Juleoratoriet med eit vers av ein salme:

Vi står i din hærskare og syng  deg lov, pris og ære
av di du, vår høgst velkomne gjest, omsider er komen til oss.

Attende til artikkelen om Juleoratoriet 
Attende til Romjulstankar
Juleoratoriet, kantate nr.2