Den fjerde kantaten i Juleoratoriet er knytt til fyrste nyttårsdag. Det er ein dag som kyrkja kan markere på mange måtar:

  • Det er ein dag der det er naturleg å sjå attende på året som er gått, og framover mot året som skal kome.
  • Det er Jesu namnedag.
  • Det er dagen for Jesu omskjæring.

Og for å seie litt om dette siste punktet: For mange teologar vart omskjæringa eit symbol på og eit varsel om Jesu komande frelsargjerning, av di dette var fyrste gongen han måtte blø. Og på eitt vis tek Bach dette opp i innleiingskoret :

Med takk og lovprising knelar vi for di nådestrone, du Gud i det høgste.
Guds Son er villig til å verte menneska sin Frelsar. Guds son står fiendane imot.

Men denne dagen var også Jesu namnedag – den dagen han fekk namnet ein engel hadde sagt Josef skulle gi han. Men Jesus gjekk under andre namn også. Eitt av dei var Emmanuel. Det tyder «Gud er med oss.» 

Bach nytta dette namnet i innleiinga på det neste resitativet, men elles omhandlar songen  kva Jesus kan vere for menneska: Glede og trøyst. Innvevd i dette kjem ein annan solist, som syng dette utdraget frå ein salme:

Jesus, mitt dyraste liv, brudgom til sjela mi, som for mi skuld overga seg til det bitre krosstreet!

Så kjem det som for meg kan hende er den mest sentrale delen av heile Juleoratoriet: Den sokalla «ekko-arien». Her vert siste ordet i kvar frase solisten syng, gjenteke av ein solist i koret, og av ein obo i orkesteret. Ordet i ekkosvaret forsterkar bodskapen i teksten. Og kven er det som svarar? Gud…

«Min Frelsar, skal namnet  ditt
inngi det minste spor av frykt?
Nei, du seier sjølv nei.» «(NEI)»
«Skal eg frykte døden?
Nei, sidan ditt søte ord er her.
Skulle eg heller glede meg?
Ja, du Frelsar, seier ja!» «(JA)»

 

Eit slikt svar gjer håp for framtida, og det er kan hende dette livshåpet Bach gjerne vil formidle i akkompagnementet på salmeverset som avsluttar denne kantaten. 

Biletet oppe på sida er henta frå Michaelangelo sine måleri i taket på Den sixtinske kapellet i Roma. Det syner då Gud skapte den gamle Adam. For meg er det eit vakkert  bilete på eit møte mellom himmel og jord, slik også denne kantaten er det.

Attende til artikkelen om Juleoratoriet 

Attende til Romjulstankar

Juleoratoriet, kantate nr.4