I denne kantaten, som er skriven for søndag mellom nyttår og helligtrekongarsdag, er dei tre vise menn i fokus. Teksten tek utgangspunkt i dei to fyrste versa av andre kapitlet i evengeliet etter Matteus, der det står: «Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes» dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»»

Kantaten startar med ein lovsong:

«Lat oss synge ein lovsong til deg, Herre.
Ta imot vår lov og takk.
Heile verda opphøyer deg, for du er glad for å sjå til oss,
for i denne dag er ynskjet ditt oppfyllt,
for di velsigning har fylt oss med himmelsk glede.»

Så vert dei tre vise menn presenterte i historia. Evangelisten fortel at dei fylgde lyset frå stjerna. Og lyset vert her nytta som ein illustrasjon til ordet frå Salme 119: «Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min sti.» Dette kjem tydeleg fram når koret syng:

«Din glans gjer slutt på mørkret,
og vender dunkel natt til lys.
Leid oss på dine vegar,
slik at vi alltid kan sjå
ditt lysande åsyn.»

Men dei vise mennene kom til Herodes sitt slott, og Bach skildrar korleis Herodes vert skrekkslagen ved tanken på ein rival. Men Bach formanar om at Jesu komme ikkje er dårleg nytt, men gode nyhende for alle :

Kvifor er du så redd?
Kan Jesu nærvere skape slik redsle hos deg?
Skulle du ikkje heller glede deg over 
lovnaden om at menneska skal finn trøyst på ny?

Kantaten sluttar med eit salmevers:

Mitt hjarte er eit lite rom, og ingen sal for fyrstar.
Likevel kastar din miskunns stråler lys dit inn,
Som om det var fyllt av solskin.

Biletet oppe på sida har eg teke i Basilica di St. Apollinare, ved Ravenna, Italia. Det er ein mosaikk som syner dei tre vise menn som vitjar Jesusbarnet med gåvene sine. Her finn ein den eldste attgjevinga av dei tradisjonelle namna deira: Kaspar, Baltasar, Melkior. 

Attende til artikkelen om Juleoratoriet 
Attende til Romjulstankar
Juleoratoriet, kantate nr.5