Det hender eg går turar på stader i nærområdet som eg ikkje har vore på før. Det er mange stader eg ikkje har vore på før.

150721_Merke_i_treDå er det greitt å vite at sjølv om ein ikkje har vore på staden tidlegare, og kan hende ikkje har med seg kart, kan ein vere rimeleg trygg på at ein kjem dit ein hadde tenkt seg – og heim att.

Dette er takka vere ein gjeng med entusiastar, som tek av fritida si til å merke turløypene slik at du og eg og alle andre som vil kan ta oss ut i ukjend terreng. Dei gjer det ikkje for sin eigen del, for sjølve veit dei kvar løypa skal gå. Dei gjer det ikkje for vinnings skuld, for det er ingen som betalar dei for å gjere dette. Eg trur ikkje ein gong dei gjer det for å få takk – i den grad dei får attendemelding i det heile, er det gjerne frå folk som ikkje er nøgde med merkinga deira.

Men takk fortener dei, og takk skal dei få. TAKK!

Og eg vil kvittere med eit lite dikt av Kolbein Falkeid som eg er veldig glad i. Det handlar om noko heilt anna, men likevel…..

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok fram.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
Kolbein Falkeid : Jeg finner nok fram