«Hvis du vil ha gleden av pluralisme, må du akseptere smerten i å bli krenket.»

Sitatet over er henta frå ei overskrift til ein artikkel i nettversjonen av Humanetisk forbund sitt medlemsblad Fri tanke. Dette er ein svært interessant artikkel, der opphavsmannen til sitatet, forfattar og journalist Kenan Malik, grunngjev ytringa med at å verne minoritetar mot krenking frå storsamfunnet er å opptre nedlatande mot dei.

Eg forstår han. Eit uttrykk for ein likskapstanke er å handsame alle likt. Å skåne utvalde grupper for påkjenningar andre grupper må tole, kan lett oppfattast og opplevast som ei form for stakkarsleggjering.

Det eg ikkje forstår, er påstanden om at det går an å krenke ei gruppe. Ein kan krenke medlemer av ei gruppe. Individ kan kjenne seg krenka, og krenkinga kan vere knytt til deira identitet som medlem i ei gruppe.

Vi kjenner til kva som kan skje når menneske over tid systematisk vert krenka med utgangspunkt i til dømes etnisitet eller religion. Vi veit kva jødehetsen i Europa kulminerte i under andre verdskrig. Biletet over teksten er teke i Warshawa i mai 1943.

Det eg ikkje kjenner til, er kva mekanismar som kan føre til at krenkingar resulterer i eit meir pluralistisk samfunn. Eg trur det skuldast at det ikkje er mogleg å påvise at slike mekanismar finnest.

Meir informasjon om biletet oppe på sida kan ein finne ved å peike og klikke her.

Krenking som metode – kvifor krenke ?