Fotball er ein forbiletleg idrett. Der vert utøvarane sanksjonerte når dei går på person og ikkje etter ballen.

Her har fotballen verkeleg noko å lære oss. I dag er det mange som brukar ytringfridommen som grunngjeving og forsvar for at dei utset andre for nedsetjande framferd i det offentlege rommet.

Krenking bidreg til å setje søkelys på og bekjempe urettvise maktkonstellasjonar i samfunnet, vert det hevda. Mon det. Eg har til gode å få påvist eitt einaste døme på at slike samfunnsendringar har skjedd som ein direkte eller indirekte konsekvens av at einkvan er blitt krenka.

Men det er ikkje det same som at krenking ikkje har ein effekt. Vi veit at krenkinga gjer noko med den som vert krenka. Og vi veit at krenkinga gjer noko med krenkaren. Krenking har ein negativ effekt på alle som er involverte, men ser ut til å ha liten samfunnsendrande effekt – bortsett frå å bidra til større grad av polarisering.

Kost/nytteverdien av krenking som metode for å utvikle eit samfunn på positivt vis er soleis sannsynlegvis svært låg.

Biletet oppe på sida syner ein fotballspelar som får tildelt gult kort. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

 

 

Krenking som metode – kvifor la vere å krenke ?