«Vi tok han med i ein bil, og køyrde forbi staden der tilfluktsrommet hadde vore. Han sa ingen ting. Han berre græt.»

«Han» var ein gut på femten år. Han var frå Bagdad, og året var 1991. Amerikanske fly sende bomber og rakettar over byen. Gutten visste at når flyalarmen gjekk, måtte han sleppe alt og springe til tilfluktsrommet. Det hadde han måtta gjere mange gongar.

Men denne dagen skulle det verte annleis. Då han kom fram til tilfluktsrommet, var porten stengd. Han nådde ikkje inn.

Det gjorde derimot ein nyutvikla amerikansk rakett som trengde gjennom det armerte taket i tilfluktsrommet og eksploderte der inne. Alle som trudde dei var komne til ein trygg stad, omkom.

Guten utanfor overlevde. Men han miste foreldra og alle syskena sine denne dagen.

Eg veit ikkje korleis det gjekk med han seinare. Lever han, må han vere ein mann på rundt dei førti. Men eg veit at det var nokre som gjorde sitt for å hjelpe han til å leve vidare etter denne forferdelege hendinga :

Teksten i innleiinga stod å lese på baksida av ei teikning guten hadde laga. Og teikninga var laga i samband med ei terapeutisk oppfylgjing som guten hadde fått.

Terapeuten som hadde skrive teksten bakpå teikninga, var frå Irak. Men rådgjevaren til terapeuten var norsk, for fagleg ansvarleg for tiltaket var Senter for krisepsykologi, som held til i Bergen.

Masfjorden kommune fekk låne denne teikninga i 1995, til ei utstilling som vart laga i høve femtiårsmarkeringa av freden etter andre verdskrigen. Utstillinga, som heitte «Barn, krig og fred», synte barneteikningar frå det fredelege Noreg, tjue barneteikningar frå nasistane sin transittleir for jødar i Terezín, desse var utlånt av Det jødiske muséet i Praha, og kring tjue teikningar utlånt frå Senter for krisepsykologi.

Teikningane vi fekk låne frå senteret var laga av born i Angola, Bosnia og Irak, og var i sitt nøkterne og enkle uttrykk hjarteskjærande vitnemål om dei lidingane desse borna var blitt påført. Grunnen til at Senter for krisepsykologi hadde arkivert desse teikningane, var at dei var laga som ein del av terapeutiske opplegg som senteret hadde hatt fagleg ansvar for.

Men senteret er ikkje berre aktivt utanfor våre landegrenser. Går ein inn på heimesida til senteret – det kan ein gjere ved å peike og klikke her – vil ein finne at senteret forutan å stå bak ei rekkje hjelpetiltak knytt til store og kjente katastrofar i inn- og utland, også driv forskings- og undervisningsverksemd, og at dei også hjelper einskildpersonar.

12. november kunne media fortelje at senteret står i fåre for å verte lagt ned. Tilsette er på veg vekk frå senteret, av ein einskild grunn : Senteret manglar midlar. Det skal liggje føre ein intensjonsavtale med Helsedirektoratet frå 2012 om offentleg finansiering. Til no er lite gjort for å fylgje opp avtalen. Hadde Senter for krisepsykologi vore ei stifting og ikkje eit AS, ville det vere enklare å få dette til, visstnok.

Etter det eg forstår, handlar det om å få tilført eit årleg beløp på 10 millionar kroner. Det er mykje pengar, men lite samanlikna med kor mykje til dømes private barnehageeigarar kjarar å mjølke det offentlege for. Ein artikkel i Bergens Tidende frå september 2016 fortel at eigarane av Kidsa barnehager i bergen kunne hente ut eit overskot på 28 millionar kroner i rekneskapsåret 2013 – artikkelen kan ein lese ved å peike og klikke her.

No skal ikkje dette vere innleiinga til ein diskusjon om offentleg støtte til private barnehagar. Men det er eit godt døme på at det finnest pengar i systemet til føremål som ein meiner er gode. Og etter det eg forstår, har det aldri vore usemje om kor viktig og nyttig arbeidet til Senter for krisepsykologi er.

Difor meiner eg at stortingspolitikarane umiddelbart må setje i verk to tiltak :

Det eine er å løyve ekstraordinære midlar for 2017 som kan sikre senteret fortsett drift på det nivået dei har i dag.
Det andre er å instruere helseministeren o,m å gjere dei grepa som er naudsynte for å sikre at Senter for krisepsykologi frå og med budsjettåret 2018 får faste og foruseielege løyvingar over statsbudsjettet.

Illustrasjonsbiletet er eit utsnitt av eit trykk av Edvard Munch. Meir informasjon om biletet finn du ved å peike og klikke her.

Krisesenter i krise – må det vere slik ?