Handverkarar_GamlebyenEg starta med fotografi i 1967. Frå då av har fotografi vore ein kjær hobby for meg. Eg har fotografert jamnt og trutt heile tida sidan. Ikkje alltid like mykje, kan hende, men kameraet har aldri vore langt unna.

For meg har fotografering vore ein form for meditasjon. Når eg tek med meg eit kamera ut for å ta bilete, føler eg at eg vert meir medviten om det eg ser rundt meg.

I mange år dreiv eg også med framkalling av svartkvite bilete. Det var svært kjekt. Den kjensla av magi som eg fekk når biletet langsamt vaks fram or det kvite papiret nede i framkallarskåla saknar eg framleis.

Framkallinga opna også for beskjæring av bileta. Dette synest eg at eg har lært mykje av no når eg arbeider digitalt.

Eg kjem etter kvart til å leggje ut ein del bilete eg har teke opp gjennom åra. Sjå under menypunktet «Eigne bilete» under Kultur >> Fotografi. Desse bileta vil gjerne vere sett saman til mindre seriar, ordna tematisk. Nokre av bileta vil vere nye, andre kan vere av litt eldre dato.

I tillegg kjem eg til å publisere bilete på ein open instagram-konto. Dette vil for det meste vere «ferskvare». Eg har ein ambisjon om å leggje ut minst eitt fotografi i veka her. Peikar til instagrambileta mine finn du under menypunktet «Instagrambilete» under Kultur >> Fotografi.

Etter kvart vert det også lagt ut nokre innlegg om emnet fotografi – sjå under menypunktet «Om fotografering» under Kultur >> Fotografi.