På denne sida vil du finne peikarar til små gåver. Eg ynskjer å leggje ut bilete som eg sjølv har teke, og som kven som vil, fritt  kan laste ned og skrive ut og henge opp.

Felles for alle bileta er at dei er laga til i 3:4-format. Det betyr at dei kan skrivast ut til å passe i rammer av storleik 18 x 24 cm, eller 30 x 40 cm, dersom ein vil det.

Etter kvart som det kjem fleire bilete til, vert dei liggjande kronologisk, med det sist utlagde biletet øvst. Planen er å leggje ut eit bilete i månaden, omtrent. Vonar tiltaket vil glede ein og annan. Det vil glede meg.

Omsider kjem det eit nytt bilete. Denne vesle hydranten stod attmed eit hus i den franske landsbyen Entrevaux. Biletet var teke i april 2015.  [wpfilebase tag=file id=3 /]
Biletet attmed er teke i Den kongelege botaniske hagen i Madrid. Skuggen frå ein søylefot på ein vegg laga ein liten ansiktsprofil. Steinen skuggen fall på, hadde ein sprekk som forma eit breitt smil. Likar du biletet, kan du laste det ned med eit smil.  [wpfilebase tag=file id=2 /]
Biletet for april 2015 er eit vinterbilete, teken i Skilsundet i januar 2012. Du kan laste det ned ved å klikke på peikaren attmed. [wpfilebase tag=file id=1 /]