Eg starta med å leggje ut bilete på Instagram i oktober 2014. Då la eg ut eitt bilete.

I desember 2014 la eg ut bilete nummer to. I januar 2015 litt fleire. Den 19. juni 2015 la eg ut bilete nr. 100. 10. mai 2016 passerte eg 300 bilete. Med andre ord : Eg har nytta Instagram meir og meir, og adskillig meir enn eg hadde trudd på førehand.

Det er fleire grunnar til dette : Eg registrerer at bileta mine vert sett av fleire og fleire. Det oppmuntrar. Samstundes er det ei utfordring å skulle bearbeide bilete til det kvadratiske formatet som Instagram legg opp til. Det er ei kjekk utfordring, så etter kvart vert det nok fleire bilete å sjå her.

Eit lite tips, berre : Ynskjer du å sjå bileta i litt større format, kan du peike og klikke på @runegarmann i feltet like under her. Peikar du då på eitt av bileta på sida du då kjem til, opnar det seg i eit nytt lag, og så kan du bla fram og attende mellom bileta.