Eg har samla på musikkinnspelingar i over 40 år. Fyrst var det på LP-ar, seinare på CD. I nokre tilfelle på begge delar.

I dag er det mange som berre nyttar streaming. Platebunkane er forsvunne frå dei fleste heimar. Rekkjene med CD-ar er i ferd med å forsvinne, dei også. Men enno er det nokre av oss som synest det er kjekt å eige mediet musikken er på. Eg er ein av dei. Og det er til slike med same alderdommelege innstillinga eg skriv.

Felles for dei CD-ane eg skriv om, er at eg likar dei. Eg ser ikkje noko poeng i å bruke tida mi til å skrive om CD-ar eg ikkje likar. Eg ser heller ikkje noko poeng i å kaste bort folk si tid på lesing om CD-ar eg meiner dei ikkje treng bruke tid og pengar på. Så det at CD-ane er omtala her, er i seg sjølv eit teikn på at eg meiner dei held mål.

Ut over det kjem eg berre til å presentere CD-ane, og skrive litt om innhaldet på dei. Finn eg lenkjer til musikken t.d. på Youtube, legg eg gjerne ut ein peikar. Og skulle einkvan lure på kvar ein kan vende seg for å få kjøpt denne musikken, står det litt om det i artikkelen som det er peikar til her.

Nedunder er peikarar til  plateomtalane mine. Vonar du synest det er nyttig lesing.

Natalie Merchant : Leave Your Sleep

Dette er to omtalar i eitt : ein omtale av to CD-ar, og ein omtale av ei bok ...
Les Meir

J.S.Bach : Music for Lute-Harpsichord

Cembalomusikk slik ein sjeldan høyrer han spelt ...
Les Meir

Oddvar Torsheim : Nynorskens skog

Eit prakteksempel på himmelropande, kreativ galskap! ...
Les Meir

Grieg : Slåtter, Op.72

Edvard Grieg fann mykje inspirasjon i den norske folkemusikken, både songar og slåttar ...
Les Meir

Jordi Savall : Mare Nostrum

Einkvan burde nominere Jordi Savall til Nobels fredspris ...
Les Meir

Telemann : Orkestersuiter

Kommersielle komponistar kan også lage god musikk. Telemann er eit godt døme på det ...
Les Meir

Hans Krasa : Brundibar

Denne musikken er lite kjend. Det er synd, for han dokumenterer noko svært viktig ...
Les Meir