To gongar i løpet av berre nokre få veker har Per Fugelli med sine ytringar om framandkulturelle erta på seg ei mengd menneske som har gitt uttrykk for sine motforestillingar i det offentlege rom, både i avisene sine kommentarfelt og i sosiale medier. Ikkje alle motforestillingane har vore like sakleg framført.

Ein god del av det som er skrive, handlar i liten grad om det Per Fugelli har sagt. I staden handlar det mykje om personen Per Fugelli, og den einskilde si meining om han. Det er mogleg ein og annan trur at det dei meiner om mannen er av interesse for andre enn dei sjølve. Personleg har eg ingen illusjon om at folk som måtte lese dette, har den minste interesse av å vite kva eg måtte meine om han – gitt at eg har ei meining, då. Difor ser eg heller ingen grunn til å bruke tid på ytterlegare kommentarar om kva folk måtte meine om Per Fugelli.

Det som er viktigare her, er folk si attgjeving av det Per Fugelli skal ha sagt. Det vert hevda at han forsvarar migrantar med barnebrurer – ein kan sjå eit døme på dette ved å peike og klikke her. Men er det dette han har gitt uttrykk for? Det kan ein kanskje finne ut av ved å gå til kjelda, og etter det eg har forstått, er kjelda ein artikkel i NRK – den kan ein lese ved å peike og klikke her.

Det Per Fugelli faktisk har sagt, er dette ( sitat )  : «Vi skal ikke godta det, men prøve å forstå at i deler av verden er dette en skikk.» Eg undrar meg over at denne utsegna kan tolkast som eit forsvar av ordninga med barneekteskap, og at det finnest folk som ikkje skjøner skilnaden på orda «forstå» og «forsvare». At nokon ynskjer å tolke det slik for å kunne setje ein meiningsmotstandar i eit dårleg lys, er ein tanke eg undrar meg mindre over…

Nokre har prøvd å ta til motmæle. Journalist Fredrik Græsvik er ein av desse. Professor Thomas Hylland Eriksen er ein annan. Felles for dei begge er at dei prøver å setje fokus på ytringene Per Fugelli er blitt sitert på. Det er bra at det vert gjort, sjølv om indignasjonen som kjem til uttrykk i mange kommentarar gjer at eg tvilar på om alle tek innvendingane deira inn over seg – enkelte av di dei kanskje ikkje kan, andre av di dei heilt sikkert ikkje vil.

Det er synd at ikkje fleire går inn i den eigentlege diskusjonen, for saka er viktig. Vi har alt sett saker der problemstillinga er aktuell – jfr. denne artikkelen frå nrk.no – og det er ingen grunn til å tru at vi ikkje vil møte liknande saker i framtida. Eg trur ikkje der er nokon «quick-fix» på problema. Eg trur klokskapen må liggje i å leggje til rette for at alle som kjem hit og har rett til å få bli, får høve til å leve liva sine i samsvar med det som er norsk lov, og på ein måte som tek vare på den livssituasjonen dei står i. Som Per Fugelli så klårt har formulert det i artikkelen som har sett så mange sinn i kok : «De skal møtes med god vilje, og så må vi finne ordninger som gjør at de kommer inn under norsk lov.»

Eg trur ikkje ei fordøming av dei dette gjeld, er eit godt utgangspunkt for ei god tilretteleggjing for dei. Men som eit tiltak for å halde temperaturen høg og det saklege nivået tilsvarande lågt i innvandringsdebatten ser det ut til at ein passe porsjon moralsk indignasjon fungerer veldig godt. Og nokre ser seg vel mon i det også.

Biletet over er ei lita helsing til Per Fugelli. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

 

Kva forstår vi med omgrepet «forstå» ?