Er det feil av kyrkja å ta eit politisk standpunkt?

I ein kronikk i Aftenposten 9. februar 2015 har biskopane Olav Øygard og Tor B Jørgensen saman med  Lars Haltbrekke i Naturvernforbundet og John Leirvaag frå Norsk Tjenestemannslag teke til orde for at regjeringa bør bremse norsk oljeutvinning og heller satse på grøne arbeidsplassar. Slikt vert det bråk av. Stortingspolitikar Tina Bru melder seg ut av kyrkja, i fylgje NRK. I ei ytring på nrk.no hevdar ho at kyrkja er blitt eit politisk parti, på line med Miljøpartiet Dei Grøne, som ho ikkje er samd med.

Like «ille» er det at biskop Tor B Jørgensen også har gjort seg til talsmann for å unngå ei nedbygging av velferdsstaten ved å auke skattane for dei som etter hans meining burde ha råd til dette. Men det har han altså gjort, og hausta rikeleg med pepper frå det. «Biskop Jørgensen skremmer borgerlige velgere bort fra kirken,» hevder redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk.

Politikk er praktisk handling, også når ein handlar med utgangspunkt i eiga etisk tenking. Slik er det, anten ein agerer ut frå eit syn på asylborn, tankar om rettane til det ufødde livet, omsorg for miljøet eller ein tanke om skeiv fordelingsproblematikk. Men det pussige er at ein biskop får kritikk for å skremme vekk folk med eitt politisk standpunkt når det vert snakka om skatt, medan det å ta standpunkt mot gjeldande abortlovgjeving ikkje fører med seg kritikk for at folk med andre syn vert skremde vekk frå kyrkja.

Det kan då ikkje vere slik at det er i orden at biskopane tek opp politiske saker dersom ein er samd med dei, men at dei bør teie stilt når dei har meiningar som går på tvers av det ein sjølv meiner ?

Eg trur det er viktig at biskopar og andre kan stå fram med sine synspunkt og etiske betraktningar, også i politiske spørsmål. Mannen som det er bilete av øvst på denne sida, er ei levande påminning om kor viktig dette er.

Biletet oppe på sida : (C) World Economic Forum

Kva kan kyrkja snakke om ?