I ein artikkel på dagbladet.no, datert den 7. september, kan ein lese om at flyktningar som kjem til Danmark, prøver å kome seg til Sverige for å verte registrerte der. Kvifor vil dei det?

I artikkelen, som du kan lese i sin heilskap ved å peike og klikke her, oppgjev mange at dei ynskjer å kome til ein stad der dei alt har familie. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Nordmenn som emigrerte til Amerika, foretrakk også å bu i nærleiken av kvarandre, og det er ikkje slik at nordmenn som kjøper feriehus i Spania, har eigedomar spreidde over heile landet. Det ser ut som om folk der også klumpar seg saman med andre som i det store og heile er om lag som dei sjølve. Eg tenkjer at dette kan vere ein måte å oppleve tryggleik på.

Vi har alle eit grunnleggjande behov for å kjenne oss trygge, jfr. Maslows behovspyramide, som du finn ein artikkel om ved å peike og klikke her. Og dersom vi ein augneblink set oss i situasjonen til mange av dei som kjem hit, er det ikkje vanskeleg å forstå at dei etter å ha forlate eit land prega av alt anna enn tryggleik, å ha gått spissrotgang gjennom land som tydeleg har synt at dei ynskjer nærveret ditt, for til slutt å ende opp i eit land der mange i tydelege ordelag kan fortelje at du slett ikkje er velkomen, ja, så er det vel ikkje så rart om du mest av alt ynskjer å finne ein slags tryggleik i det å vere saman med familie og andre du kjenner at du høyrer saman med.

Men om dette er forståeleg, er det ikkje sikkert at det er ynskjeleg. Bydelen Rosengård i Malmø er eit godt døme på kva som kan skje dersom ein opnar for å la det verte etablert ghettoar for einskilde folkegrupper – ein artikkel om dette frå «Aftenposten innsikt» finn du ved å peike og klikke her.

Så kva skal ein gjere? Kva kan du og eg gjere?

Eg trur vi alle kan gjere noko. Vi kan starte med å sjå at dei som kjem hit, er like ulike som alle oss andre. Og vi kan ta utgangspunkt i at dei har dei same ynskje og behov som alle oss andre. Vi kan ta inn over oss at det å sjå på alle muslimar som potensielle terroristar er akkurat like presist og nyansert som å sjå på alle protestantar som potensielle medlemer av Ku Klux Klan. Vi kan – og bør, og må – ta eit oppgjer med vår eiga mistru til dei som tenkjer annleis enn oss sjølve.

Vi bør oppføre oss slik at dei som kjem hit, kan erfare at dei ikkje treng flokke seg i hop på einskilde stader for å føle at dei kan vere trygge i landet vårt.

Kva om det var du?