Det finnest mange måtar å sjå noko på. Kva ser vi? Det vi ser etter, kan hende?

Kva er det du ser på toppen av denne sida?

Er det ei samling pikslar på skjermen din?
Er det nokre strekar på eit papir?
Er det ein flate laga av organisk materiale som her og der er dekka av ein tunt, karbonhaldig pigmentlag?
Er det ei penneteikning med lavering?
Er det ei teikning av eit landskap?
Er det ei teikning frå Nederland?
Er det ei teikning av Rembrandt?

Svaret er «ja» på alle spørsmåla på lista. Til tross for at dei fokuserer på temmeleg ulike eigenskapar ved det vi ser, er det det same objektet vi snakkar om, og det kan altså på same tid beskrivast som ei samling pikslar på ein skjerm og som eit (utsnitt av eit) bilete av Rembrandt.

På same vis må det vere fullt mogleg å ha fleire tankar i hovudet enn berre ein når det gjeld andre emne også. Ta til dømes spørsmålet om korleis universet har oppstått. Er det skapt, eller er det blitt til på anna vis? Ingen veit.

Men etter kvart som ein får meir kunnskap om korleis universet har oppstått, og etter kvart som ulike teoriar som skal tolke kunnskapen kjem til, ser ein at det ein no veit om korleis universet til, i stadig mindre grad samsvarar med dei skapingsforteljingane ein til dømes finn i Bibelen.

Betyr det i så fall at det er feil at universet er skapt? Det kan bety det, men det treng ikkje vere slik. La meg gå attende til illustrasjonen oppe på sida : Når eg ser på gjerdet nede til høgre på teikninga, er det som eg kan fornemme rørslene i handa til Rembrandt då han med ein enkel sikksakkstrek teikna det. For meg er dette ei heilt konkret oppleving. På same vis opplever eg at eg fornemmer ein skapar i eit skaparverk.

Ein av dei som la grunnlaget for teorien om The Big Bang var den belgiske astrofysikaren og teologen Georges Lemaitre (1894 – 1966). Han var tydeleg på at det ikkje var naudsynt å koble kunnskapen om korleis universet var blitt til med trua på ein Gud. Meir om dette kan ein lese i denne artikkelen.

Mange, mellom dei den verdskjende vitskapsmannen Stephen Hawkin, vil hevde ein ikkje treng Gud for å forklåre korleis universet vart til. Det kan dei ha rett i. Men om ein gjennom meir kunnskap om universet har fått eit endeleg og utvetydig prov på at Gud ikkje finnest, er eg meir usikker på.

Artikkelen til Stephen Hawkin som det er peikar til i avsnittet over, sluttar slik: «We are getting close to answering the age old questions. Why are we here? Where did we come from?»

Kan hende finn vi Gud gøymt i akkurat desse spørsmåla. For kvifor spør vi om dette?

Biletet oppe på sida er teikna av Rembrandt van Rijn, og heiter «Utsikt over Amstel frå Rampart». Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

 

Kva ser du?