Trudde du at kyrkjevalet ikkje er viktig? Det er i så fall ein feil det er råd å rette på. 

Dørlås i Høre stavkyrkje.
Dørlås i Høre stavkyrkje. Kyrkjevalet er din nøkkel til dei stengde dørene.

I ein heilsides annonse i «Strilen» den 8. september fortel aksjonen «Levende folkekirke» kven dei meiner vi bør samle oss om ved kyrkjevalet til Bispedømeråd i Bjørgvin i neste periode. På vegne av dei mange som meiner at det er på høg tid at homofile får lov til å nytte kyrkja som ramme kring inngåing av eit ekteskapsløfte dei for lengst har fått juridisk aksept for, vil eg takke «Levende folkekirke» for eit godt og grundig arbeid.

No veit vi kven vi ikkje skal gi ekstra stemmer.

I annonsen nemner «Levende folkekirke» at aksjonen «Åpen folkekirke» også har sine preferansar. Sidan dei ikkje fortel kven desse er, kan eg nemne at dette gjeld

kandidat nr 2Nora Baartvedt, Voss,
kandidat nr 3Karl Johan Kirkebø, Bergen, samt
kandidat nr 9Vemund Øyestad, Stryn.

Ved å peike og klikke på namna deira kan du få fram litt informasjon om dei og kva dei står for.

Ut over dette ynskjer eg ikkje å gi uttrykk for kva eg meiner folk bør stemme. Men eg trur det er viktig at så mange som mogleg nyttar stemma si, og nyttar henne aktivt. For meg handlar dette om to saker :

Den eine er at det er på høg tid at kyrkja møter alle som det dei er, og ikkje skapar skilje gjennom ulik praksis andsynes ulike menneske.

Det andre er at eg fryktar for den folkelege oppslutnaden om Den norske kyrkja, dersom valet fører med seg at kyrkja opprettheld ein praksis som vert opplevd som ekskluderande.

Vi står altså framfor eit val som uansett utfall vil kunne ha stor innverknad på mange menneske si notid, og på Den norske kyrkja si framtid

Kyrkjevalet – eit viktig vegval