Dei fleste kjenner kan hende historia om Tordenskiold sine soldatar. Ho handlar om lureri. Til tross for at vi veit om lureriet, let vi oss framleis lure.

I historia får vi høyre korleis viseadmiral Tordenskiold etter å ha øydelagt den svenske krigsflåten ved Marstrand i juli 1719 skal ha lurt kommandanten på Karlsten festning til å overgi seg, ved å få forhandlaren hans til å tru at den dansk-norske hærstyrken var langt større enn han var. Ein litt meir utførleg versjon av historia kan ein lese ved å peike og klikke her.

Sjølv om akkurat denne historia berre er ein anekdote om ei hending som ikkje har skjedd, har historia ein moral: Det går an å lure folk til å ta beslutningar på sviktande premiss. Så veit vi det.

Eller gjer vi ?

Ikkje sjeldan dukkar det opp «nyhende» på Facebooksida mi, lagt ut der av ulike personar – personar som eg opplever som velmeinande, ordentlege folk. Døme på slike nyhende er overgrepshistorier, politiske utspel (som ein gjerne kan ha ulike meiningar om) og «informasjonsfilmar», til dømes frå den nynazistiske rørsla «Britain First». Ein film frå den kanten har eg skrive litt om i ein annan artikkel, som du kan finne ved å peike og klikke her.

Felles for desse «nyhenda» er at dei omhandlar asylsøkjarar og flyktningar, og dei stiller dei i eit svært negativt lys. Eit anna fellestrekk er at det kan vere vanskeleg å sjå kva tid hendingane det vert referert til, faktisk har skjedd.

Til dømes har eg nyss fått delt eit utspel frå ein framandkulturell politikar som meinte noko om at menneske med innvandrarbakgrunn burde få eit tilpassa opplegg når dei kom på aldersheim/sjukeheim. Folk øste seg opp og såg på dette som utslag av kravmentalitet og det som verre var. Ingen – heller ikkje vedkomande som delte dette med meg – informerte om at dette utspelet var omtala i ein artikkel som stod i VG i 2005!

Sameleis fekk eg for  nokre dagar sidan eit utklypp frå ei avis om eit overgrep som skal ha skjedd – som det sto : «på tirsdag», ved ein skule på Sotra. Det stod ingen stad at tirsdagen var tirsdag 9. september 2014. Det høyrer med at vedkomande som delte dette, hadde integritet nok til å fjerne oppslaget då dette vart klårt. Det synest eg var svært bra!

151115_Distorsjon
Eit bilete med forvrenging – eit bilete på forvrenging. Foto: Rune Garmann

Problemet er ikkje at folk er opptekne av galne ting som skjer og responderer på dette på sosiale medier. Det er viktig at folk engasjerer seg på slike måtar også. Problemet er at når slike historier vert resirkulerte og på den måten oppfører seg som Tordenskjold sine soldatar, bidreg dei til å konstruere og byggje opp eit fiendebilete av grupper som det eigentleg ikkje er sakleg grunnlag for å ha. Dette kan på sikt føre til ei sterkare polarisering mellom grupper i samfunnet.

Kven tener på det? Ikkje vi som skal leve i dette samfunnet, i alle fall. Men vi veit at det er dei som ser seg og si sak tente med å byggje opp slike fiendebilete, og vi skal ikkje langt attende i vår felles historie for å finne døme korleis dette kan gå.

Ynskjer vi å vere Tordenskjold sine soldatar for den slags folk? Kan hende nokre gjer det – kva veit eg? Men ynskjer vi det ikkje, er det ei råd for dette : Vi kan vere litt meir kritiske til kva vi vel å spre på sosiale medier.

Let vi oss framleis lure av soldatane til Tordenskiold ?