Informasjonen om meg sjølv kjem truleg til å verte den minst interessante delen av heimesida mi. Så kvifor tek eg det med?

Grunnen er at det kan tenkjast at du som no er inne på heimesida mi, ikkje anar kven eg er. Sidan mesteparten av det som er publisert her er mine meiningar, tenkjer eg at det kan vere OK at du veit litt om han som har drista seg til å publisere desse meiningane, slik at du kanskje kan sjå klårare bakgrunnen for det eg har skrive.

Eg har runda dei seksti for eit par år sidan, og er no pensjonist. Dei siste yrkesaktive åra arbeidde eg i Masfjorden kommune og IKT Nordhordland, i all hovudsak med IKT-relatert informasjonsarbeid. Før den tid var eg grunnskulelærar i over 30 år, med forming og musikk som to hovudfag, men med undervisning i dei fleste andre fag på samvitet også. Frå våren 2000 og fram til våren 2015 var eg dirigent for songkoret «Spleis», som er eit blandakor frå Masfjorden, der eg bur.

Eg er nysgjerrig av natur og oppteken av mykje, men ekstra oppteken er eg av kultur- og verdispørsmål. Dette vil nok heimesida mi i stor grad vere prega av. Eg har eit kristent livssyn, men har lite lyst til å drive med misjonering. Når eg likevel nemner kva livssyn eg har, er det fordi eg reknar med at livs- og verdisynet mitt kan vere ein premissleverandør for nokre av dei tankane eg kjem til å dele på heimesida mi, og då kan det vere greit at dei som måtte lese det eg skriv, er merksame på kva utgangspunkt eg har.

Det eg likevel er aller mest oppteken av, er familien min. Men den kjem i liten grad til å verte synleg her på desse sidene. Eg ynskjer å halde eit klårt skilje mellom det som er personleg og det som er privat.

Og meir er det kanskje ikkje naudsynt å skrive?