Vi avslutta turen hausten 2015 med to netter i Madrid. Det var hyggeleg å sjå byen att.

Madrid er rik på attraksjonar. Her er museum i verdsklassen og mykje anna å sjå. Men denne gongen vart det stort sett til at eg fotograferte folk meir enn gjenstandar, noko biletsamlinga nedunder vil vere tydelege vitnemål om.

Eit unntak for dette er nokre bilete frå Det kongelege kapellet. Dette er eit kyrkjebygg frå 1500-talet. Det som slår meg, er at det på mange måtar minnar om tilsvarande bygg i England. Eg veit ikkje om dette er tilfeldig, eller om det var spesielt sterke kulturelle band mellom England og Spania på den tida.

Madrid – eit mangslunge reisemål