I oktober 2015 var kona mi og eg saman med eit vennepar på ein tur til Spania. Turen starta i Malaga.

Vi var i denne i byen i to netter. Vi kunne gjerne vore her lenger, for her var mykje å sjå, og det var tett mellom attraksjonane. Bileta i serien nedunder er teken i gangavstand frå kvarandre.

Vi vitja katedralen i byen og Alcazaba-en, det mauriske festningskomplekset. Begge er flotte monument over ulike epokar i Malaga si lange historie. Litt museumsaktivitet vart det også. Carmen Thyssen-muséet er eit ikkje altfor svært, men likevel innhaldsrikt museum, med ei utsøkt samling måleri.

Malaga er Pablo Picasso sin fødeby, og har eit fint museum knytt til han. Det rakk vi ikkje å vitje. Men ein kan vone på ein ny tur ved eit seinare høve, og då……

Malaga – eit fotogent reisemål