Mange av bileta eg syner her, har eg teke på tur.

Mange av turane mine er tredelte : Fyrste delen er ei oppstiging. Andre delen er ein pause med litt mat og mykje utsikt. Tredje delen er nedstiginga.

Andre delen er best. Eg må innrømme det : hadde det ikkje vore for ho eg er gift med, hadde eg gått glipp av mykje. Mykje slit og mykje svetting, men fyrst og fremst : Mange flotte naturopplevingar – samt den gode kjensla når ein kjem heim att og kan seie til seg sjølv : «Ja, min santen gjekk det riktig godt, denne gongen også!»

Nedunder er nokre glimt frå små og ikkje fullt så små turar i Masfjorden sin natur.

Vinterbilete frå Masfjorden

Denne sida skal tene to føremål : Eg skal prøve ut eit nytt innstikk i Wordpress, FooGallery. Desutan ynskjer eg ...
Les Meir

På hagevandring 1

Sommaren 2015 vart ikkje mykje å rope hurra for. Likevel vart det mykje fint å sjå på i hagen ...
Les Meir

Sleirsfjellet opp 2015

Sleirsfjellet opp 2015 gjekk av stabelen 30. mai. Det vart ei triveleg hending ...
Les Meir

Velkomen til Trollskogen

Desse bileta vart tekne på ein og same dag, medan eg var på heimveg ...
Les Meir

Tur til Austefjellet

Austefjellet er ikkje det høgaste fjellet i Masfjorden. Sikkert ikkje det vanskelegaste å gå opp på, heller ...
Les Meir