Eg synest det er spanande å fotografere folk. Kan hende det er av di eg synest folk er spanande?

Nedunder er ein liten serie med fotografi der folk på eitt eller anna vis er ein viktig del av biletet. Sjølv om alle bileta er tekne i farge, har eg vald å presentere dei i svart-kvitt. Svart-kvitt har sin særeigne estetikk, og som gamal svartkvitfotograf synest eg det er kjekt av og til å vende attende til den.

Bileta er tekne på ulike tidspunkt. Einskilde er ganske nye, andre er blitt nokre år. Dei er også tekne på ulike stader : London, Hamburg, Barcelona, Fredrikstad, Masfjorden, York, Krakow, Budapest, Praha.

Med fotoblikk for folk