Viola d’amore tyder «kjærleiksfiolin». Det er ikkje noko dårleg namn på dette instrumentet.

Som namnet antyder, er dette eit strykeinstrument. Det spesielle med instrumentet er at det tilliks med hardingfela har eit sett med understrenger som kling med når ein spelar på det. Antalet strengar kan variere, men fem til sju melodistrengar og eit tilsvarande antal understrengar strengar ser ut til å ha vore det mest vanlege. Ein kan lese meir om viola d’amore ved å peike og klikke her.

Viola d’amore hadde si glanstid i barokken, men var neppe noko svært vanleg instrument då heller, sjølv om ein kjenner til at det har vore nytta både sør i Europa og i land lenger nord. Det finnest ikkje så veldig mykje musikk nedskrive for dette instrumentet.

150703_VioladamoreMen ein del finnest der, og noko av dette er spelt inn og gitt ut på CD. Ei svært vellukka innspeling er utgitt på det nederlandske billigselskapet Brilliant Classics. Den er med den italienske fiolinsten Valerio Losito. På denne plata framfører han ein del solostykke for viola d’amore, i hovudsak av italienske og austerrikske komponistar.

Sjølv om alle stykka er frå barokken, er det likevel ei plate med stor variasjonsrikdom. Her finnest rolege, meditative stykke, og meir livlege dansaktige komposisjonar. Til saman gjev dei eit godt inntrykk av det klangbiletet som ein viola d’amore har.

Nedunder er ei lenkje til ein video med snakebitar av  opptak frå CD-en, som ligg ute på Youtube.

Biletet oppe på sida syner ein viola d’amore. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

 

 

Viola d’amore – med kjærleik i kvart drag