Ei av dei som var tidleg ute og laga seg ei stjernetrøye med utgangspunkt i bilete på nettet, er Bjørg Myrland. Allereide få veker etter at dei fyrste bileta av trøya min hadde funne vegen til sosiale medier, starta ho arbeidet med ein versjon med mørkeblå stjerner på raud botn. Interessant nok er dette ein fargekombinasjon som truleg ikkje er så langt frå det som mange brukte frå gamalt av. Då strikka ein gjerne trøyene i sausvart og sauekvitt, og deretter vart trøyene farga slik at den kvite ulla vart raud eller lyseblå.

Seinare laga ho ei trøye til. Denne minnar meir om trøya mi i fargeval og utforminga av halslinning og knappestolpe. I denne trøya ser ein også den nesten umerkelege overgangen mellom mønsteret i bol og ermer, slik trøya mi er utforma. Men nokon kopi av denne trøya er ho ikkje. Stjernene i borden nede på bol og erme er annleis. Det er også ein større fargekontrast i trøya til Bjørg samanlikna med trøya mi. Slik er desse to trøyene eit godt døme på korleis ein tradisjon vert utvida og gjort rikare gjennom medskaping og nyskaping.

I den tredje trøya som vert presentert her, har Bjørg nytta eit heil anna mønster. Trøya kan knapt kallast ei stjernetrøye. Men også her kjenner ein att ein del detaljar – bordar i halslinning og knappestolpe og oppattaking av mønsterdetaljar i brot på bol og ermer – som er nytta i trøya mi. For meg framstår dette som eit godt døme på at impulsar ein finn i ein tradisjon på ein fin måte kan «resirkulerast» i andre tradisjonar.

<< Forrige side: Trøyegalleriet Neste side: Epilog >>
Medskaping og nyskaping