Mikael Wiehe er ein mann som skriv songtekstar med meining. Det er ikkje alltid eg har same meining som han, men eg synest mykje av det han skriv er god mat for tanken.

For nokre år sidan vart eg beden om å skrive eit avslutningsnummer til ei teaterframsyning som elevar i tiande klasse ved skulane i Masfjorden skulle setje opp. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle skrive, men ein morgon vart «En song till modet» av Mikael Wiehe spelt på radio, og då fekk eg ein idé om at ei norsk omsetjing av denne songen kan hende kunne fungere. Dermed gjekk eg i gang med å prøve meg på ei gjendikting av songen.

Det vart ikkje til at den norske omsetjinga mi vart nytta. Men songen har fylgd meg gjennom livet sidan den gongen, og det er noko med han som rører meg djupt kvar gong eg høyrer han. Difor presenterer eg teksten her, både i original og i mi gjendikting.

Ein song til motet

Tekst og musikk : Mikael Wiehe

Her er ein song til motet
Det er ein enkel song
til dei som trur, i natta svart
at dagen gryr ein gong
Her er ein song til motet
ein enkel melodi
Eg syng, og tenner lys og håp
Det er det meining i

Her er ein song til motet
til glede, håp og skratt
Til dei som veit, der hatet rår
at kjærleiken kjem att
Til alle som slår seg saman
Til alle som stiller krav
Til alle som veit om vanskane
men ikkje bøyer av

Her er ein song til motet
hos dei som vågar sjå
og ikkje snur seg stumme vekk
men seier klårt ifrå
Til alle som byggjer bruer
og slepper andre til
Til dei som synest alle må
få leve slik dei vil

Her er ein song til alle
som nektar å gje opp
men kjempar mot dei kreftene
som står og seier «STOPP!»
Til alle som ber ein draum om

– og vil – ei betre verd
og veit dei aldri må gi tapt
skal det bli betre her

Her er ein song til motet
han kjem frå hjartet mitt
Eg vonar desse enkle ord
når fram til hjartet ditt
Så vakta han vel, og bruk han
ja, nynn på han iblant
Då veks han fritt og sprer seg i
vårt store, vakre land

En sång til modet

Text & musik : Mikael Wiehe

Här är en sång till modet
Den är til alla dom
som vågar tro på morgondan
fast natten är så lång
Här är en sång till modet
en liten, enkel låt
Det kanske verkar meningslöst
Men jag sjunger den ändå

Här är en sång till modet
til glädje, hopp och skratt
Till dom som tror på kärleken
fast hatet är så starkt
Till alla som slår sej samman
Till alla som ställer krav
Till dom som vet hur svårt det är
och ändå säger «ja»

Här är en sång till modet
hos dom som vågar se
Som inte låter tysta sej
men säger som det är
Till alla som bygger broar
Till alla som släpper in
Till dom som tror att människan
kan göra det, hon vill

Här är en sång till alle
som vägrar att ge opp
Till dom som kämpar vidare
fast livet er så hårdt
Till alla som vågar längta
til nåt, dom aldrig sett
Som inte låter kuva sej
men håller på sin rett

Här är en sång till modet
Den âr fråm mej till dej
En liten enkel visa
med det jag helst vil säg»
Så vårda den väl och lär den
och nynna den ibland
För då växer den och sprider sej
i hela Sveriges land

For dei som ikkje kjenner denne songen frå før, har eg gleda av å dele dette opptaket av han, framført av Mikael Wiehe sjølv :

Biletet av Mikael Wiehe øvst på sida er teke av Bengt Nyman. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

 

Mikael Wiehe : En song till modet