Eg er veldig glad i julehøgtida, og har nok alltid vore det. Men grunnane til at eg har så varme kjensler for julehøgtida har endra seg mykje frå eg var guttunge til eg no må få kalle meg ein godt vaksen mann.

Då eg var gut, var det nok alle dei gode opplevingane som gjorde jula spesiell. God mat, gode lukter, fin musikk på radioen, levande lys, gåver, familiebesøk, leik og moro.

Framleis er dei gode opplevingane viktige, og eg er takksam for at eg har nokon å dele opplevingane med. Men med åra er det kome andre dimensjonar til jula også:

The Oriel Staircase. Foto : (C) Chris SmithJuledagane liknar meir på juledagane frå tidlegare år enn dei liknar på dagane like før og etter jul. Dei dannar eit band som går bakover gjennom åra. Dermed skapar dei ei oppleving av kontinuitet, av å stå i ein tradisjon, av å vere ein del av ei lang, lang historie. Det kan minne litt om når ein står øvst i ein trappeoppgang og ser avsatsane i etasjene under danne eit regelmessig mønster – sjå biletet attmed.

Ein større versjon av biletet kan ein få ved å peike og klikke på det.  Det gjeld forresten dei fleste bileta som ligg inne i artiklane eg har skrive. Meir informasjon om akkurat dette biletet kan ein få ved å peike og klikke her. )

Etter kvart som eg har lært litt om juletradisjonar og bakgrunnen for desse, har eg også fått augene opp for at mine juletradisjonar heng tett saman med andre sine juletradisjonar. Og med «andre» meiner eg ikkje berre naboen. Mykje av det tankegodset eg knyter til julehøgtida deler eg med menneske som lever under heilt andre himlar enn den eg lever under. Ein liten artikkel om grenseoverskridande juletradisjonar kan ein lese ved å peike og klikke her.

I ei tid der ordet «multikulturell» nærmast er eit fy-ord for mange, er det viktig for meg å lyfte fram den multikulturelle sida ved jula. Det vil eg ha litt fokus på.

Eg skal slett ikkje underslå at juledagane for meg også har ein religiøs dimensjon som eg synest er viktig. Difor vil ein god del av innhaldet i julekalenderen min ta opp religiøse – les : kristne – tradisjonar knytt til jula. Men ikkje alt innhaldet vil vere slik. For jula er eit mangslunge fenomen, og det skal vi ha stor respekt for.

Vonleg vil kalenderen min gjenspegle dette. Velkomen skal du vere.

Til Lukene i adventskalenderen

Eg har i etterid lagt til ein serie med romjulstankar. Nokre av desse er alt gjort tilgjengelege, for dei handlar om kantatane i Bach sitt juleoratorium. Desse er knytt til ein litt større artikkele om Juleoratoriet, som eg har lagt ut. Den kan du nå her :

Johann Sebastian Bach : Juleoratoriet

Dei øvrige romjulstankane vert lagt ut fyrste juledag. Desse kan nåast via peikaren under.

Til Romjulstankar